HMS på treningssenteret

Oppdrag
Oppdraget blir gjennomført i grupper på 2–4 personar. Gruppa skal oppsøkje og undersøkje ulike typar treningssenter for å finne ut korleis dei jobbar med HMS, tryggleik og skadehandtering i praksis. Det de finn ut gjennom observasjonar og intervju, skal samlast og presenterast i ein kortfilm på 5–10 minutt, eller som ein presentasjon eller rapport.
Førebuing
Les artikkelen frå HMS magasinet Standarden heves for norske treningssentre.
Kontakt eitt eller fleire treningssenter (gjerne både eit som har sjølvbetening og eit som har betening).
- Presenter dykk.
- Forklar oppgåva de jobbar med.
- Spør om de kan få besøkje treningssenteret.
- Spør om de kan få intervjue ein tilsett eller ein leiar.
- Spør om de kan filme – eit vanleg mobilkamera kan fint brukast.
Førebu gode spørsmål.
Gjennomføring – besøk treningssenter
Få faktaopplysningar om treningssentera.
Observer og noter undervegs i besøket.
Finn ut av ansvar ved skade hos kundar eller tilsette.
- Kva rutinar har bedrifta ved personskadar?
- Kor mykje ansvar har dei ved skade hos kundar?
- Korleis løyser dei dette i praksis?
Det er fint om de kan få beskrive nokre reelle døme.
Lag film, presentasjon eller rapport
Om de vel å lage film, bør han/den totalt ikkje vare i meir enn 5–10 minutt. De kan leggje tekst på filmen dersom de ikkje ønskjer å filme dykk sjølve eller sjølve intervjuet.
Filmen/presentasjonen/rapporten skal beskrive
- korleis sentera de gjennomfører oppgåva på, er bygde opp
- kva spørsmål de har stilt
- kva de finn ut
- korleis HMS-en på treningssentera ser ut – inkludert overordna mål og tiltak