Diskuter berekraftsdilemma

Oppgåver
1. Cruiseturisme
Les artikkelen "Slik jobber cruiseindustrien med bærekraft" på Visit Bergen og drøft følgande:
Kva er dei største berekraftsutfordringane til cruiseturismen?
Kva siktar ein til med krav om "nullutslepp" for cruiseskip, og korleis påverkar det økonomi, miljø og lokalsamfunn?
Bør vi ha færre cruiseanløp for å verne miljøet, sjølv om det betyr færre jobbar?
Korleis kan cruiseturismen ta omsyn til lokalbefolkninga utan å miste inntekter?
Kva er dei viktigaste tiltaka for ein meir berekraftig cruiseturisme?
2. Fast fashion
Fast fashion eller "hurtigmote" er klede som blir produserte raskt og billig for å følge nye trendar. Les om verdikjeda til klesbransjen i artikkelen "Livsløpet til ei T-skjorte" og drøft følgande:
Kva er dei største berekraftsutfordringane i Fast fashion-industrien?
Kva for berekraftsdilemma finst i dei ulike ledda i verdikjeda til ei t-skjorte?
Kan fast fashion bli meir berekraftig? Diskuter ulike moglege tiltak for kvart av ledda i verdikjeda.
Kva er dei viktigaste tiltaka for ein meir berekraftig klesindustri?
Kven har størst ansvar for at mote blir meir berekraftig – produsent, butikk eller forbrukar?
3. Overvaking og personvern
Overvaking kan førebygge tap for verksemder og skape tryggleik for samfunnet. Samtidig kan overvaking utfordre personvernet, og straumforbruk og elektronisk avfall kan gi negativ miljøpåverknad
Les innlegget "Forstå lovlig kameraovervåking i Norge: Regler, rettigheter og personvern" på Trygghetsbloggen og drøft følgande:
Når er det lov å bruke overvakingskamera?
Korleis påverkar overvaking folk si kjensle av fridom og tillit?
Korleis kan overvaking skape konflikt mellom økonomi, tryggleik og personvern?
- Korleis kan overvakingskamera påverke miljøet?
Kva kan verksemder gjere for at overvaking skal vere berekraftig både sosialt, økonomisk og miljømessig?
4. Digitalisering
Digitalisering kan gjere jobbar enklare og billigare, men òg føre til at nokon mistar jobben. I tillegg har digitalisering store miljøkonsekvensar. Les debattinnlegget "Digitalisering med store miljøavtrykk" på Digi og drøft følgande:
Kva for berekraftsutfordringar har digitalisering?
Forklar korleis digitalisering påverkar straumforbruk, CO2-utslepp, vassforbruk og elektronisk avfall.
Kva kan verksemda gjere for å redusere miljøavtrykket av digitalisering?
Korleis kan vi få digitalisering som er bra for økonomien, miljøet og menneske samtidig?
Kven har størst ansvar for å gjere digital teknologi meir berekraftig – staten, bedriftene eller brukarane?