Oppgåve
Pensjonistar på noregsferie
Det blir fleire pensjonistar i landet vårt, og mange av dei liker eit lengre opphald i varmare strøk om vinteren. Korleis kan vi leggje til rette for flotte reiseopplevingar for pensjonistar i Noreg om vinteren, som eit alternativ til ein sydentur?

Kanskje drøymer denne mannen om ein deileg ferie, men kvar skal han dra?
Oppgåve 1: rollespel
- Jobb i grupper på tre.
- De skal lage eit rollespel der de representerer høvesvis pensjonistane, ein norsk turoperatør og eit destinasjonsselskap.
- Rollespelet skal vere eit møte mellom dei tre partane der de diskuterer nye reisetilbod i Noreg for pensjonistar. Innleiingsvis skal de diskutere kva som er bra og mindre bra med dagens tilbod.
- Lag rollespelet.
- Framfør rollespelet for klassa.
Oppgåve 2: presentasjon
- Med utgangspunkt i rollespelet skal de lage eit forslag til ei vekes noregsreise for pensjonistar. Forslaget skal innehalde
- transport
- overnatting
- servering
- aktivitetar og opplevingar
- Lag ein presentasjon av forslaget og framfør han for klassa. La klassa kome med forslag som kan gjere noregsreisa endå betre.
Lykke til!

Ein helsefagarbeidar tek med eldre ut på tur.