Oppgåve
Tilbod av og etterspørsel etter reiselivsprodukt
Korleis blir reiselivsnæringa påverka av nedgangstider? Og korleis må næringa tilpasse tilbodet av reiselivsprodukt når etterspørselen endrar seg?

Oppgåve 1: undersøk
På kva måte har koronapandemien påverka reiselivet i Noreg?
Bruk nettet til å finne informasjon om
- korleis reiselivsnæringa i Noreg har tilpassa seg ein ny situasjon
- kva slags økonomiske støttetiltak næringa får
- korleis reiselivsnæringa lagar nye «pakketilbod»
- korleis noregsferie blir marknadsført til den norske marknaden
- korleis noregsferie blir marknadsført til den utanlandske marknaden
- nye former for pristilbod og rabattar, som ein konsekvens av endringar i etterspørselen under koronapandemien
- satsingsområde og målgrupper for reiselivet i Noreg
- nye reiselivsprodukt som har oppstått under og etter pandemien
Oppgåve 2: lag ein situasjonsanalyse (SWOT)
Lag ein situasjonsanalyse, eller SWOT-analyse, for norsk reiseliv med bakgrunn i funna frå oppgåve 1. List opp sterke og svake sider av reiselivet, kva truslar reiselivet står overfor, og kva moglegheiter du meiner reiselivsnæringa har i tida framover.
Oppgåve 3: spå om framtida
Lag eit framtidsscenario for norsk reiseliv, og skriv ned det du trur blir dei ti viktigaste trendane i tida framover. Bruk overskrifta «Norsk reiseliv 2030».
Oppgåve 4: klassediskusjon
- Når de ser på svara i oppgåve 1, speglar det de fann, nye former for ferietilbod som ei følgje av nedgangstider, eller speglar det ei naturleg utvikling?
- Korleis ser framtida ut for Noreg som turistdestinasjon?
- Kva bør Noreg satse på for å sikre ei berekraftig utvikling i reiselivet?
- Kva kompetanse blir viktig for utviklinga av norsk reiseliv?