Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Podkast

Morgondagens reiseliv

Korleis trur du reiselivet i framtida ser ut? Lytt til podkasten "Morgondagens reiseliv", som er spelt inn under pandemien. Med utgangspunkt i podkasten skal de svare på oppgåver om nye reiselivsprodukt.
Serviceyrkene

Morgondagens reiseliv

Korleis held ein liv i reiselivsbransjen midt oppe i ein pandemi? Kan reiseliv vere ein viktig del av den berekraftige utviklinga i landet? Programleiar Andreas Veie-Rosvoll med Kristin Krohn Devold, ...

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 1

Kristin Krohn Devold seier (5 minutt og 40 sekund ut i podkasten) at vi under pandemien har blitt skikkeleg gode til å lage reiselivsprodukt for den norske marknaden.

  • Forklar kva vi meiner med "den norske marknaden".

  • Forklar korleis marknaden for reiselivsprodukt har endra seg under og etter pandemien.

  • Finn to døme på reiselivsprodukt for den norske marknaden.

    • Er produkta tilpassa ein endra marknad etter pandemien? Forklar i så fall korleis.

    • Korleis blir produkta marknadsførte?

    • Tilfredsstiller produkta krava til ei berekraftig reisemålsutvikling? Kvifor / kvifor ikkje?

    • Ta utgangspunkt i eit av reiselivsprodukta de fann, og reflekter over korleis dette produktet kan bli meir berekraftig.

Oppgåve 2

Kathrine Mosfjeld og Kristin Krohn Devold fortel (frå 6 minutt og 40 sekund ut i podkasten) om berekraftig utvikling.

  • Korleis må reiselivet, ifølgje dei to, jobbe for ei berekraftig utvikling?

  • Kvifor er det viktig at reiselivsnæringa arbeider tett med lokale aktørar? Nemn døme på statlege og private aktørar som reiselivsbedrifter bør samarbeide med. Kva fordelar kan eit slikt samarbeid gi?

  • Kva marknader og målgrupper, både norske og utanlandske, tenkjer de at den norske reiselivsnæringa bør prøve å nå? Grunngi svaret dykkar.

Oppgåve 3

  • Skisser eit nytt og berekraftig reiselivsprodukt for kommunen dykkar.

    Det treng ikkje vere stort og omfattande; det kan vere ei oppleving, ein attraksjon eller noko anna i nærområdet.

  • Lag ei skisse til ein marknadsføringskampanje for det nye reiselivsproduktet. Få fram følgjande:

    • Kva kan reiselivsproduktet tilby?

    • Kven er målgruppa?

    • Korleis vil de nå målgruppa?

    • På kva måte er reiselivsproduktet berekraftig ?

Oppgåve 4

Kva for nokre personlege eigenskapar treng de som skal jobbe i morgondagens reiseliv, ifølgje Kathrine Mosfjeld og Kristin Krohn Devold i podkasten? Drøft kvifor desse eigenskapane er viktige.

Tips til læraren

La elevane høyre på podkasten mens dei går på tur
La gjerne elevane høyre på podkasten i sin heilskap mens dei går ein tur, før dei løyser oppgåvene i klasserommet.

Del opp podkasten
Alternativt kan elevane dele opp podkasten slik:

  • Lytt fram til 06.30 og svar på oppgåve 1.

  • Lytt vidare til 14.17 og svar på oppgåve 2 og 3.

  • Lytt til slutten av podkasten og svar på oppgåve 4.

La elevane søkje på Internett
Når elevane skal finne døme på reiselivsprodukt i oppgåve 1, kan det vere føremålstenleg å la dei søkje på nettet.

Ta bilete i nærområdet
Når elevane skal løyse oppgåve 3, kan dei gjerne ta med seg telefonen ut på tur i nærområdet for å hente inspirasjon og ta bilete til det nye reiselivsproduktet.

La elevane jobbe i par eller grupper
Elevane kan gjerne løyse oppgåvene i par eller grupper. Då kan dei diskutere undervegs og utarbeide ein presentasjon. Gruppene kan til slutt presentere for klassa.

Diskuter i klassa
Etter kvar presentasjon kan klassa diskutere svara og gi kvarandre innspel. Gruppene kan notere ned nye punkt og gjere eventuelle endringar i presentasjonen sin.

Involver destinasjonsselskapet i regionen
Klassen kan kanskje sende forslaga til nye reiselivsprodukt til destinasjonsselskapet i regionen?

Skrive av Cathrine Meyer Johansen og Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 03.11.2021