Når reisa er målet – tog
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.
Oppgåve
Gå saman to og to. De skal no planleggje ein «trendy» togferie for dykk sjølve og to venner. Turen skal vare ei veke, og de har fritt budsjett. De kan velje når på året de vil reise.
Turplanen må innehalde forslag til
- aktivitetar
- overnatting
- servering
Grunngi forslaga dykkar med utgangspunkt i dagens reiselivstrendar og berekraft.
Presenter turplanen for dei andre i klassa, og diskuter om forslaga dykkar er i tråd med dagens trendar.
God tur!
Reisetips
I Noreg har vi fem hovudbanelinjer. Fleire av dei står på lister over Europas vakraste togreiser.
- Bergensbanen mellom Oslo og Bergen
- Dovrebanen mellom Oslo og Trondheim
Nordlandsbanen mellom Trondheim og Bodø
- Rørosbanen mellom Hamar, Røros og Trondheim
- Sørlandsbanen mellom Oslo og Stavanger
Det er òg mange andre fine togturar i Noreg. Dei kan du lese meir om på nettsidene til Visit Norway.
