Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Åleine på tur?

I Noreg er det stadig fleire som bur åleine, særleg i byane. Korleis kan vi leggje opp ferieturar som er spesielt tilrettelagde for åleinebuande?

Oppgåve

  • Tenk deg at du er tilsett i Singelturer og har fått i oppdrag å lage to forslag til ein langhelgstur i Noreg for åleinebuande.
  • Lag to heilt ulike pakketurforslag som inneheld

    • transport
    • overnatting
    • servering
    • aktivitetar og opplevingar

    Du kan leggje opp til tematur, aktivitetstur, helsetur, shoppingtur eller noko anna.

  • Presenter turforslaga dine for klassa.
  • Diskuter i klassa kva det er viktig å leggje vekt på ved slike turar. Kvifor er det viktig at også folk som reiser åleine, får tilbod om tilrettelagde ferieturar?

Lykke til!

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 24.07.2023