Når reisa er målet – sykkel
Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Oppgåve
Jobb individuelt eller i par.
De har fått i oppdrag frå ein familie å foreslå to ulike sykkelferiepakkar i Noreg.
De må undersøkje ulike moglegheiter for sykkelferie – både kva reiseruter som er moglege, kvar det går an å overnatte, og kva aktivitetar familien kan gjere undervegs. Aktivitetsnivået må tilpassast heile familien.
Turen skal òg innehalde opplevingar utanom syklinga, i form av attraksjonar, aktivitetar eller andre opplevingar.
Legg fram forslaga dykkar for dei andre i klassa i ein presentasjon. Grunngi vala dykkar. Kva for eit forslag likte klassa best? Klassa må grunngi svaret.
Ha ein diskusjon i klassa om positive og negative sider ved sykkelferiar med tanke på berekraft.
Lykke til!