Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forretningsmodellar og berekraftig utvikling

Oppgåve
Podkast

Podkast: Gründerverksemd og berekraft

Lytt til podkasten nedanfor frå 2020 (lengde 21:05) om Sophie Wiik si spennande gründerreise, og jobb med oppgåvene til podkasten.
Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Markedsføring og leiing". Ved sida av henne er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Gründerverksemd og berekraft

Sophie Wiik er grøn gründer, investor, foredragshaldar og matredder. I samtale med programleiar Sarah Natasha Melbye snakkar ho om gründerverksemd og berekraft.

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Oppgåver

  1. Kva legg Sophie Wiik gjennomgåande vekt på i gründerskapet sitt?

  2. Kva blir meint med "grøn innovasjon", og korleis blir dette definert i podkasten?

  3. Kva er, ifølgje Sophie Wiik, den største forretningsmoglegheita i verda?

  4. Kva råd har Sophie Wiik til andre grøne innovatørar?

  5. Korleis ville du ha formulert forretningsideen til Too Good to Go?

  6. Fjong var ei plattform for berekraftig mote. Kunne du tenkt deg å teste ut ei teneste som lèt deg abonnere på klede – kvifor, eller kvifor ikkje?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Cecilie Lund.
Sist oppdatert 28.01.2026