Berekraft og sirkulær økonomi
Berekraftig utvikling
Ei berekraftig utvikling er ei utvikling som tilfredsstiller dagens behov utan å øydeleggje moglegheitene framtidige generasjonar har til å tilfredsstille behova sine. Ved hjelp av sirkulær økonomi kan vi avgrense presset på naturressursane og mengda avfall.
Sirkelen ovanfor illustrerer at i ein sirkulær økonomi har produkt lengre levetid. I hovudsak dreier det seg om at produkta vi lagar, ikkje berre blir selde, brukte og kasta, men at vi fører dei inn att i verdisirkelen for å reparere dei, bruke dei om att, byggje dei om og resirkulere dei.
Skal vi sikre ei berekraftig utvikling av samfunnet, må handelsnæringa i større grad bli ein del av den sirkulæret økonomien.
Kva er sirkulær økonomi?
Miljødirektoratet definerer sirkulær økonomi slik:
I en sirkulær økonomi må produktene vare så lenge som mulig, repareres, oppgraderes og brukes om igjen. Når produktene ikke kan brukes om igjen i sin opprinnelige form, kan avfallet materialgjenvinnes og brukes som råvarer inn i ny produksjon. Ved å bruke produkter og avfall om igjen, utnyttes de samme ressursene flere ganger og minst mulig går tapt.
Sirkulær økonomi er mykje meir enn avfallshandtering. Målet med sirkulær økonomi er å skape minst mogleg avfall og å utnytte alle ressursar best mogleg. Minst mogleg skal kastast som avfall, og produkta skal haldast i eit krinsløp der stadig resirkulering fører til at vi får mindre behov for å ta ut nye råvarer.
I filmen nedanfor (lengde 03:14) kan du lære meir om sirkulær økonomi.
Sirkulær økonomi i varehandelen
Omstillinga til sirkulær økonomi inneber endringar i design, produksjon og forbruksmønster. Sirkulær økonomi er ein samarbeidsmodell. Utfordringa ligg førebels i at verken forbrukarar eller produsentar har særleg god oversikt over alle fasane i livssyklusen til eit produkt. Partane som er involverte, kjenner ikkje kvarandre, og det er få som eig heile livssyklusen til eit produkt. Forbrukarane får heller ikkje nok kunnskap om kva dei kan gjere med produktet for å få det inn att i verdisirkelen.
Diskuter
Korleis kan produsentane få kunnskap om alle ledd i framstillinga av og livssyklusen til eit produkt?
Korleis kan vi som forbrukarar få kunnskap om kva vi kan gjere for å få produkt inn att i sirkelen?
Design for ein sirkulær økonomi
For at vi skal kome bort frå bruk-og-kast-samfunnet, må produkt designast for å kunne vare lenge. I design for ein sirkulær økonomi er òg materialvalet viktig. Ein bør velje materiale som har høg resirkuleringsgrad. Det vil seie at sjølv om produktet ikkje lenger kan brukast, skal materiala det er laga av, kunne resirkulerast for gjenbruk.
I arbeidet med design må ein tenkje på at produktet skal
- vare lenge
- vere enkelt å halde ved like
- vere enkelt å reparere
- vere laga med resirkulerbare materiale
- vere standardisert
- vere fleksibelt i bruk
- vekkje tillit
Eit døme på ei bedrift som arbeider bevisst med sirkulær design, er mobilprodusenten Fairphone. Telefonen deira er designa for å vare lenge, ved at han er enkel å oppgradere, tilpasse, demontere og reparere. Kundane kan til dømes sjølve enkelt byte batteri eller kamera.
Når produkt ikkje kan brukast på nytt, bør avfallet kunne vinnast att og brukast som råvarer i ny produksjon.
Sirkulære forbruksmønster
Forbrukarane blir stadig meir interesserte i ein meir berekraftig livsstil. Det kan bety å kjøpe miljøvennlege produkt, resirkulere, redusere hushaldsavfallet og bruke transportmiddel med lågt utslepp.
Å leige i staden for å eige ting er òg ein viktig del av sirkulær økonomi. Digitale delingsplattformer for leige, sal og gjenbruk blir stadig meir populære og forlengjer levetida til varer og ressursar.
Mange bedrifter har no introdusert ei panteordning, til dømes for brukte klede. Både hos H&M og hos Lindex kan du levere inn det du ikkje bruker lenger.
I filmen nedanfor (lengde 00:59) kan du sjå korleis turtøyprodusenten Bergans hjelper forbrukarar til å gjere meir berekraftige val.
Sakte, men sikkert vinn den sirkulære økonomien fram i handelsnæringa. Til dømes har Noreg verdas beste pantesystem for drikkeboksar og -flasker. Systemet er enkelt: Når du kjøper ei flaske eller ein boks med drikke, betaler du samtidig eit depositum for sjølve emballasjen. Depositumet får du tilbake når du legg emballasjen i panteautomaten. Sidan alle som sel drikkeflasker og -boksar, er pliktige til å ta imot pant, blir det enkelt for forbrukarane. Resultatet er at for dei aller fleste av oss er det å pante flasker og boksar ein del av dei faste rutinane våre.
Lær meir om den norske panteordninga ved å sjå filmen nedanfor (lengde 07:26, NRK-skule, 2020).
Andre næringar følgjer på. Eit døme er Ikea, som no kjøper tilbake brukte Ikea-møblar og sel dei vidare i gjenbruksbutikken sin. Når kundane leverer inn ei vare, får dei eit tilgodebevis på det beløpet Ikea kjøper vara tilbake for. Tilgodebeviset kan dei bruke på varehuset eller på ikea.no.
Auka vekst med sirkulær økonomi
På samfunnsnivå kan sirkulær økonomi gi større økonomisk vekst med mindre miljøbelastning. Både utsleppet av klimagassar og volumet av materialutvinning kan reduserast sjølv med auka vekst.
På bedriftsnivå kan ein sirkulær verdikjede bety auka vekst, mindre ressursbruk, konkurransefordeler og auka effektivitet for bedrifta.