Fagstoff
Video
Tilleggsstoff
Sløsesjokk
Vi nordmenn kjøper og kastar mest elektronikk i verda. Programleiar Christian Strand utfordrar TIX til å få Elkjøp-kundar til å tenkje seg om: Må dei eigentleg kjøpe noko nytt? Sjå episode 4 av Sløsesjokket frå 2020 nedanfor (lengde 27:43).
Tenk over
Er du overraska over at nordmenn kjøper og kastar mest elektronikk i verda? Kvifor / kvifor ikkje?
Kvifor er det viktig å gjenvinne elektronikk?
Kva behov i behovspyramiden tenkjer du vanlegvis gjer seg gjeldande ved kjøp av elektronikk?
Er du samd med TIX som seier at han synest det er litt rart at det er mange ting som vi stadig vil kjøpe nytt av, sjølv om vi har gode produkt frå før?
Har du tru på at kommersielle aktørar framover vil ta meir og meir ansvar for dei varene dei sel, og korleis dei sel dei?