Ferskvarehandlar - Bransje og arbeidsliv (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ferskvarehandlar

Ein ferskvarehandlar har ansvar for produkta i ei ferskvareavdeling. Kunnskap om kundebehandling og sal er derfor like viktig som kunnskap om produkta.
Yrke: ferskvarehandlar. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Fakta

  • yrkesnemning: ferskvarehandlar med fagbrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, kokk- og servitørfag vg2, , bakar og konditor vg2, matproduksjon vg2,
    ferskvarehandlerfaget vg3 (opplæring i bedrift i to år)
    ferskvarehandlarfaget vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Kva gjer ein ferskvarehandlar?

Ferskvarehandlaren arbeider i det viktige sisteleddet, der forbrukaren skal overta ferskvarene. Ferskvarehandlaren må derfor vere kunden sin rådgivar. Ferskvarehandlarfaget kan i tillegg til kjøt omfatte ferdigmat, fisk, ost, grønt og bakarvarer, med vekt på sal og kundebehandling. Økonomi og marknadsføring er òg viktige element i faget.

Ferskvarehandlaren betener kundar frå ferskvaredisken og må derfor ha inngåande kunnskap om heile verdikjeda frå bås til bord. Han eller ho må kunne gi fagleg gode svar på spørsmål om etisk produksjon, religion, helse, ernæring og tilsetningsstoff i matvarer.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • produksjon av varme og kalde rettar for sal
  • produksjon av ulike typar kaldtbord og anretningar til cateringsverksemd
  • grovdeling og finstykking av ulike typar kjøt og fisk
  • pakking og framsetjing av varer i disk
  • mottak av varer og varebestilling
  • kundebehandling og sal
  • bruk og vedlikehald av maskiner og utstyr

Ein dyktig ferskvarehandlar

  • liker å jobbe med menneske

  • er flink til å kommunisere

  • er innstilt på å yte service

  • har god kunnskap om råvarene og korleis dei kan tilarbeidast

  • arbeider hygienisk og nøyaktig

  • har sans for økonomi og marknadsføring

Kvar kan eg jobbe?

Som faglært ferskvarehandlar har du mange moglegheiter. Du kan til dømes jobbe i daglegvarebutikkar og spesialforretningar og dessutan innanfor catering og produksjon av ferdigmat. I daglegvarebutikkane omfattar vareutvalet i tillegg til kjøt- og fiskeprodukt både sjømat, frukt og grønt, bakarvarer, ost og mjølkeprodukt.


Relatert innhald

Skrive av FMO og FOHR.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2023