Ernæringskokk - Bransje og arbeidsliv (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Ernæringskokk

Ein ernæringskokk lagar mat på storkjøkken og institusjonar, og har mykje kunnskap om kosthald, ernæring og helse. Tilpassing av rettar etter ulike behov og ønske er ein del av kvardagen.
Film om yrket som ernæringskokk. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-NC-ND 4.0

Fakta

  • yrkesnemning: ernæringskokk med fagbrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, kokk- og servitørfag vg2,
    ernæringskokkfaget vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: meisterutdanning, fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Kva gjer ein ernæringskokk?

Som ernæringskokk lagar du mat til personar som av ulike årsaker – og i kortare eller lengre periodar – ikkje kan lage maten sin sjølv.

Du skal kunne planleggje og produsere variert og næringsrikt kost til alle måltid ein person treng i løpet av eit døgn. Maten du lagar, må følgje Helsedirektoratet sine kostråd og nasjonale retningslinjer. Som ernæringskokk er du med på å skape trivsel og positive matopplevingar hos både friske og sjuke.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • komponere rettar og menyar i samsvar med offentlege retningslinjer
  • ta omsyn til ulike diettar og tilpassa kost
  • produsere varm og kald mat i store kvantum
  • nytte ulike typar råvarer og tillagingsmetodar
  • produsere og distribuere alle måltid som inngår i heildøgnsforpleining
  • nytte og halde ved like maskiner og utstyr
  • sørgje for godt reinhald og god produksjonshygiene

Ein dyktig ernæringskokk

  • er glad i å lage mat

  • er gjerne kreativ og har estetisk sans

  • jobbar effektivt og planmessig

  • har gode kommunikasjonsevner og jobbar godt i team

  • har god kontroll på kostnadene

  • har god forståing av den ernæringsmessige betydninga til maten

Kvar kan eg jobbe?

Som ernæringskokk kan du jobbe på institusjonskjøkken på sjukehus, pleieheim eller andre helse- og omsorgsinstitusjonar. Du kan jobbe i kantiner på skular, på internat, i Forsvaret, i fengsel, til sjøs og offshore.

Relatert innhald

Skrive av Restaurant og Matfag.no og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2021