Yrkesidentitet - Bransje og arbeidsliv (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Yrkesidentitet

Det å høyre til ei yrkesgruppe handlar om å identifisere seg med noko og nokon. Men kva betyr eigentleg yrkesidentitet og yrkesstoltheit? Jobb først med oppgåvene individuelt, og diskuter så svara med ein medelev og resten av klassen.
Video: Visit Bodø / Avgrensa bruksrett

Individuell oppgåve

Sjå filmen, og bruk deretter nokre minutt til å reflektere individuelt over spørsmåla og notere stikkord.

  1. Kva yrke er representerte i denne filmen?

  2. Gjorde filmen deg motivert til utdanning innan nokon av desse lærefaga? Grunngi svaret ditt.

  3. Lag din eigen definisjon av omgrepa

    1. yrkesidentitet

    2. yrkesstoltheit

  4. Korleis trur du yrkesidentitet blir utvikla?

  5. Korleis viste yrkesutøvarane i denne filmen yrkesstoltheit?

  6. På kva måtar kan ei uniform vere med på å vise yrkesstoltheit?

Gruppeoppgåve

Diskuter og reflekter med ein eller to medelevar og deretter i klassen.

  1. Kva inneber yrkesidentitet og yrkesstoltheit i restaurant- og matfag, og kva er forskjellen mellom desse omgrepa?

  2. Korleis kan de utvikle yrkesidentitet gjennom opplæringa i restaurant- og matfag?

  3. Korleis viste yrkesutøvarane i denne filmen yrkesstoltheit?

  4. På kva måtar kan ei uniform vere med på å vise yrkesstoltheit?

  5. Gjorde filmen dykk motiverte til utdanning innan nokon av lærefaga de såg i filmen? Kva yrke, og kvifor/kvifor ikkje?

Skrive av Jannike Gausdal og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2023