Servitør - Bransje og arbeidsliv (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Servitør

Ein god servitør er restauranten sitt ansikt overfor omverda, og det er viktig at du er omgjengeleg, flink til å kommunisere og initiativrik. Du bør vere serviceinnstilt og glad i å omgåast menneske.
Film om servitøryrket. Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-SA 4.0

Fakta

  • yrkesnemning: servitør med fagbrev

  • utdanning: restaurant- og matfag vg1, kokk- og servitørfag vg2,
    servitørfaget vg3 (opplæring i bedrift i to år)

  • eventuell vidareutdanning: fagskule, generell studiekompetanse, høgskule, universitet

Kva gjer ein servitør?

Ein servitør må kunne omtrent like mykje om mat, drikke og produksjon som ein kokk. Jobben til servitøren er mellom anna å formidle informasjon om mat og drikke til gjestane for å sikre at dei får ei god oppleving. Som servitør må du òg kunne planleggje og gjennomføre arrangement i lokale der det går føre seg selskap, bankettar, kurs og konferansar.

Yrket er prega av internasjonalisering, og du må kunne handtere menneske med andre språk og kulturomgrep på ein måte som varetek kundane sitt ønske om gode opplevingar.

Sentrale arbeidsoppgåver

  • kommunisere med gjestane og yte god service, slik at gjestane får innfridd forventningane sine
  • presentere, anbefale og servere mat og drikke på ein fagleg korrekt måte
  • lage varme og kalde drikkar, både alkoholfrie og alkoholhaldige
  • rydde og dekke opp serveringslokale til ulike høve

Ein dyktig servitør

  • er blid og venleg

  • liker å arbeide med og for menneske

  • viser omsorg

  • viser interesse for og er glad i jobben sin

  • har som mål å gi gjesten ei god oppleving

  • har gode fagkunnskapar

  • kan kommunisere godt med gjestar og kollegaer

  • kan salskunsten – veit kva som er lønsamt, og kva som gir forteneste

  • er hygienisk og har god produksjonshygiene

Kvar kan eg jobbe?

Ein servitør kan jobbe på serveringsstader som restaurantar, hotell, pubar, barar, cruisebåtar, nattklubbar, kafear og selskapslokale. Du kan jobbe både i Noreg og i utlandet.

Relatert innhald

Skrive av Restaurant og Matfag.no og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 17.11.2021