Det perifere nervesystemet er kopla til sentralnervesystemet i ryggmergen og når ut til alle delar av kroppen. Impulsar frå sansar, organ og musklar gir informasjon til sentralnervesystemet. Signala blir tolka og impulsar blir sende den andre vegen, slik at vi kan reagere føremålstenleg på stimuli.
Det perifere nervesystemet blir kopla saman med sentralnervesystemet i ryggmergen. Det består av parvise nervar som går ut frå hjernestammen (hjernenervar) og frå ryggmergen (spinalnervar).
Nervane forgreinar seg til stadig mindre nervar, slik at dei når ut til alle delar av kroppen. Nervecellene sender signal i berre éi retning. Derfor er det eigne nervar som formidlar signal frå hjernen til dei ulike kroppsdelane, og andre nervar som formidlar signal frå kroppen til hjernen.
Signala som når hjernen, blir tolka svært hurtig, og hjernen sender raskt ut nervesignal til ulike organ for å setje i gang naudsynte reaksjonar.
Ei nervecelle har ein cellekropp med kjerne og mange utløparar. Dei korte utløparane blir kalla dendrittar. Oftast er det ein lang utløpar som blir kalla akson.
Eit akson med myelinskjeder blir kalla ein nervefiber.
Ein nerve er ein bunt av nervefibrar. Nervefibrane blir haldne saman av bindevev som også dannar eit hylster omkring heile nerven. Nervebuntane varierer sterkt i tjukkleik. Den tjukkaste hos mennesket (isjiasnerven) er tjukk som ein veslefinger.
Her er det motoriske viljestyrte nervar som aktiverer musklane som trengst til dei fysiske bevegelsane.
Dei motoriske nervane i det perifere nervesystemet er delte i ein viljestyrt (somatisk) og ein ikkje-viljestyrt (autonom) del.
Det somatiske nervesystemet
Det viljestyrte (somatiske) systemet sender signal til skjelettmusklane. Dette er bevegelsar som vi utfører når vi har bestemt oss for det. Vi kontrollerer med andre ord når dei somatiske nervesignala skal sendast.
Det autonome nervesystemet
Det ikkje-viljestyrte (autonome) systemet sender signal til hjarte, lunger, blodårer og ulike kjertlar i kroppen. Det autonome nervesystemet er uavhengig av bevisstheita vår. Det inneber til dømes at vi slepp å tenkje på at vi skal puste.
Det sympatiske nervesystemet blir aktivert i ekstreme situasjonar. Sansane blir skjerpa, og adrenalin sørgjer for ekstra energi.
Det ikkje-viljestyrte systemet blir vidare delt inn i det parasympatiske og det sympatiske nervesystemet. Det parasympatiske nervesystemet er aktivt når du kviler og kjenner deg avslappa.
Det sympatiske nervesystemet blir aktivert ved stress og i kampsituasjonar ved å skjerpe sansane, gi ekstra energi og auke utskiljinga av adrenalin. På den måten hjelper det oss til å reagere hurtig i stressande situasjonar.
Det sympatiske og parasympatiske nervesystemet kan påverke dei same organa på ulike måtar.
Det sympatiske nervesystemet vil til dømes i stressande situasjonar hemme fordøyinga, utvide pupillane, auke utskiljinga av adrenalin og glukose og dessutan auke hjartefrekvensen og andinga.
Det parasympatiske nervesystemet vil roe ned kroppen, stimulere fordøyinga og senke puls og anding.
Oversikt over kjertlar og organ styrte av det autonome nervesystemet som forgreinar seg frå hjernestammen (øvst) og ryggmergen (under)
Tolking av signal frå synssansen via fleire delar av hjernen. Somatiske nerveimpulsar blir sende til muskulatur i handa.
I det innoverleiande nervesystemet blir informasjon send frå sansecellene til kroppen gjennom sensoriske nervar, via ryggmergen og til hjernen, som tolkar signala.
Signala frå sensoriske nerveceller kan kome frå berøring av huda, smerte, lysstimuli, lydar, smak, lukt eller andre stimuli som triggar denne delen av det perifere nervesystemet.
Dette er livsviktig informasjon som hjernen omarbeider og tolkar. Denne informasjonen kan aktivere reaksjonar i både det autonome og det somatiske nervesystemet.
Tenk gjennom
Finn døme på signal frå det sensoriske nervesystemet
Storleiken på kroppsdelane speglar storleiken på områda i hjerneborken som tolkar sensoriske signal frå kroppsdelane.
Signal frå sansecellene blir sende til spesialiserte område i hjerneborken. Desse områda har ulik storleik. Storleiken speglar mengda sanseceller i dei ulike organa.
Modellen på biletet viser korleis ein mannskropp ville ha sett ut viss kvar kroppsdel hadde vakse i same forhold som arealet av hjerneborken som tolkar dei sensoriske signala frå den aktuelle kroppsdelen. Her er det tydeleg at lepper, tunge og hender har ekstra mange sanseceller.
Ein refleks er ein ubevisst reaksjon som blir spreidd gjennom motoriske og sensoriske nervar. Refleksar er automatiske, ufrivillige og umiddelbare bevegelsar som reaksjon på ulike stimuli, til dømes sterk varme.
Tilbaketrekkingsrefleksen, som blir aktivert viss du til dømes tek på noko varmt, gjer at du unngår å brenne deg. Refleksbevegelsar blir styrte av nerveimpulsar som berre går via ryggmergen. Hjernen får beskjed når bevegelsen har skjedd.
Nervesignala i ein refleks går ikkje til hjernen, men "snur" i ryggmergen. Dette gjer at reaksjonstida blir svært kort, og at vi reagerer lynraskt. Refleksreaksjonar beskyttar oss og kan ofte hindre større skadar.
Refleksbogen
Dei delane av kroppen som er involvert i ein refleks, kallar vi refleksbogen. Han består av sanseceller, sensoriske nerveceller, ryggmergen, motoriske nerveceller og ein muskel.
Babyar har mange medfødde refleksar. Når ein baby drikk mjølk frå brystet til mora, er dette styrt av barnet sin sugerefleks og svelgjerefleks.
Ein refleks begynner med at ei sansecelle blir stimulert og sender nerveimpulsar gjennom dei sensoriske nervecellene. I ryggmergen er dei sensoriske nervecellene kopla til motoriske nerveceller i synapsar. Dei sender nerveimpulsane direkte vidare til muskelen utan at signala går vegen om hjernen. Hjernen får "beskjed" om bevegelsen når han skjer.
Både dyr og menneske har mange medfødde refleksar, mellom anna gripe-, dykke-, suge-, svelgje-, hoste- og blunkerefleks.
Tenk gjennom
I kva situasjonar har du erfart at refleksbevegelsar skjer?
Har du erfart at du nesten trakkar over, men fell saman, slik at skaden på ankelen blir minimal? Tilsvarande refleks kan du utløyse ved å banke på sena under kneskjelet. Sjå meir hos NHI om strekkjerefleks, muskelspolar og senespolar som utløyser refleksar.
Kva funksjon har smerte, og kva kan forsterke eller undertrykkje kjensla av smerte? Sjå filmen Hvor mye smerter tåler vi? frå NRK.
Sentrale omgrep på denne sida
Det perifere nervesystemet er kopla til sentralnervesystemet i ryggmergen og når ut til alle delar av kroppen.
Sensoriske nervar er nervar som sender impulsar frå sanseorgana til hjernen.
Motoriske nervar leier impulsar frå sentralnervesystemet og ut til kroppen.
Det somatiske nervesystemet er den delen av det perifere nervesystemet som kontrollerer dei viljestyrte musklane (skjelettmuskulaturen).
Det autonome nervesystemet er ikkje viljestyrt. Det er den delen av det perifere nervesystemet som kontrollerer dei indre organa. Det autonome nervesystemet blir vidare delt inn i det sympatiske og det parasympatiske nervesystemet.
Det parasympatiske nervesystemet er den delen av det autonome nervesystemet som styrer dei indre organa når du kjenner deg avslappa.
Det sympatiske nervesystemet er den delen av det autonome nervesystemet som blir aktivert i stressituasjonar, og som gjer det mogleg for oss å reagere hurtig og målretta på farar.