Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Presentasjon om norsk mediepolitikk

Mediepolitikk handlar om at staten skal leggje til rette for ein open og opplyst offentleg samtale. Politikarane er usamde om kva tiltak som er naudsynte for å sikre dette. I denne oppgåva skal du lage ein presentasjon som handlar om mediepolitikken til eit politisk parti.
Fotograf set søkjelys på ei gruppe menneske. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Digital presentasjon om mediepolitikk

1) Lag ein presentasjon om mediepolitikken til eit parti.

Ta for deg eit norsk politisk parti. Finn ut kva partiet meiner om mediepolitikk. Studer partiprogrammet og finn informasjon frå andre, sikre kjelder. Lag ein digital presentasjon der du viser til konkrete saker.

I presentasjonen skal du gå inn på desse punkta:

  • det mediepolitiske målet til partiet
  • partiet sin bruk av eller partiet sitt syn på mediepolitiske verkemiddel, til dømes pressestøtte og regulering
  • partiet sitt syn på allmennkringkasting
  • mål for mediepolitikken i framtida

2) Øv deg på presentasjonen.

Hald presentasjonen for personen du sit ved sida av. Reflekter deretter rundt desse spørsmåla saman:

  1. Kva konsekvensar får partiet sin mediepolitikk for dykk som unge mediebrukarar?
  2. Kva er de samde/usamde med partiet i når det gjeld mediepolitiske mål?
  3. Kva er de samde/usamde med partiet i når det gjeld syn på allmennkringkasting?
  4. Korleis var det å finne informasjon om mediepolitikken til partiet? Var det utfordrande, eller var informasjonen lett tilgjengeleg?
  5. Kva seier det om partiet si prioritering av mediepolitikk?

3) Hald presentasjonen for resten av klassen.


Relatert innhald

Når vi skal presentere digital informasjon, er det naturleg å ta i bruk eit presentasjonsverktøy.


CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2021

Læringsressursar

Norsk mediepolitikk og mediestruktur