Hopp til innhald

Fagstoff

Harddisk

Harddisken tek vare på data også når maskina er slått av. Det finst to hovudtypar. Den nyaste heiter SSD og er basert på same teknologi som minnebrikker. Den tradisjonelle harddisken er elektromekanisk. Prisen varierer med storleik og kvalitet.
Tre ATA-harddiskar med ulik kapasitet – 1, 2 og 3 terabyte. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein SSD-harddisk (Solid State Drive) er bygd på flashminne og fungerer i prinsippet på same måte som ein minnepinne. Han er noko dyrare enn ein mekanisk disk, men har til gjengjeld mykje høgare lese- og skrivehastigheiter. SSD-diskar har blitt populære på grunn av lite støy, veldig høg ytelse og at dei ikkje har nokon mekaniske delar. Ei vanleg løysing er å bruke SSD til operativsystemet og å ha fillager på mekaniske diskar, komplettert med skylagring og eksterne diskar. Ein vil som regel forbetre responstida i ei datamaskin stort ved å byte ut ein mekanisk disk med ein SSD-disk, noko som kan gjere ei treig maskin langt raskare.

Kor mykje harddiskplass ein har behov for, er avhengig av bruksområde. Er ein ein ivrig fotograf og tek høgoppløyselege bilete, er behovet stort for både lagring og sikkerheitskopiering. Det kan ofte vere vanskeleg å anslå kor mykje ein har behov for, men det positive med harddiskar er at ein kan utvide ved behov.

Korleis installere ny SSD i ei datamaskin (Komplett.no).

PCI-E-harddiskar blir monterte rett i PCIE-sporet på hovudkortet, og ikkje med SATA-kabel slik som SSD-diskar og mekaniske diskar.

Skifte av harddisk

Harddisken er den komponenten som kanskje er enklast å skifte. Det er få kablar å ta omsyn til, og han er robust og toler litt meir fysisk påkjenning. Vi bør sjølvsagt også her være påpasselege med ESD-sikring (statisk elektrisitet). Komponentane i ei datamaskin er sårbare, og ein elektrisk støyt kan gjere at du må kjøpe nye komponentar. Ver derfor påpasseleg med å bruke utstyr for dette, til dømes ei armlenkje. Det er ògg lurt å ikkje gå med syntetiske klede når ein jobbar med elektronikk, sidan dei har ein tendens til å generere statisk elektrisitet. Vi må òg behandle harddisken varsamt og passe på å setje han skikkeleg fast i maskina.

Korleis vi monterer ein harddisk, varierer ein god del frå kabinett til kabinett og løysing til løysing. I nokre maskiner blir han montert rett inn i skjener som er tilpassa diskstorleiken, og i andre system er disken kanskje montert i eit diskmonteringssett som lar oss samle fleire diskar i éi løysing. Når vi bruker slike sett, er det nok å montere disken i diskskuffa. Skuffa er då produsert slik at ho skal passe med resten av systemet, og disken blir automatisk kopla til når ein monterer skuffa i diskmonteringssettet.

Kva ein vel her, er litt avhengig av kva løysing ein har. På nye diskar har ein også høve til å nytte fleire typar straumtilkopling, både flatkabel og molex (gammal versjon). Om mekaniske harddiskar blir monterte feil i kabinettet eller i diskmonteringssettet, kan det lett skape støy og vibrasjonar. Dette bør vi unngå. Vi kan førebyggje støy og vibrasjonar ved å bruke vibrasjonsdempande monteringssett eller gummierte skruar.

CC BY-SARettshavar: Arena IKT
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017

Læringsressursar

Maskinvare