Hopp til innhald

Fagstoff

Energi

Kva er energi, og korleis kan vi utnytte denne energien?

Sjå video frå Kraftskolen om energi

Temaet energi er enormt stort. Vi prøver her å definere dette omgrepet.

Sola er opphavet til all energi på jorda

Vi er prisgitt sola. All energi oppstår på grunn av denne energikjelda. Sola skaper varme, som får planter til å vekse. Av varmen blir det skapt vind, som igjen lagar bølgjer på havet. Energien frå sola er enorm, og viss vi hadde klart å finne ein måte å utnytte den energien som sola skaper, ville vi ikkje hatt nokon "energikrise" her på jorda. Energien frå sola utgjer 5000 gonger behovet vårt.

Definisjon på energi

  • Energi er evna til å utføre arbeid.
  • Energi er effekt x tid.
  • Energi er kraft x strekning.
  • Energiloven: Energi kan ikkje oppstå, energi kan ikkje forsvinne.

Energi er eit potensial til å utføre mekanisk arbeid eller til å avgi varme. Det er dette som blir utnytta i eit energiverk.

Energikjede

Når sola varmar opp eit vatn eller eit hav, vil noko av dette fordampe og stige opp for å danne skyer. Skyene består då av vatn som blir til regn oppe i fjella. Vi har no stillingsenergi.

Dette vatnet som no er samla i magasin, renn ned gjennom vasstunnelen og ned til kraftverket. Energien i vatnet blir då gjort om frå stillingsenergi til rørsleenergi.

Når vatnet kjem ned til sjølve kraftverket, vil energien på ny endre seg. Vatnet treffer turbinen, og rørsleenergien blir no gjort om til mekanisk energi.

Turbinen går rundt, og på akslinga er generatoren festa. Generatoren dannar den mekaniske energien om til elektrisk energi.

Energien er altså ikkje brukt opp, men danna om til andre typar energi.

Tverrsnitt av vasskraftverk.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 04.06.2021

Læringsressursar

Produksjon, lagring og overføring av energi