Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Arbeidsoppdrag for industrimålaren

Oppgåva går ut på å korrosjonsbeskytte ei stålplate med grunning, mellomstrok og toppstrok.
2 lysstolpar, den eine med malt overflate, den andre korrodert. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdraget

Du skal reingjere og korrosjonsbeskytte den eine sida av ei stålplate laga av vanleg konstruksjonsstål.

Målingssystemet skal bestå av grunning, mellomstrok og toppstrok.

Arbeidet vil ta minst 2 dagar, då grunning og måling må tørke mellom kvar behandling.

Stålplata skal etter behandling vere ute resten av skuleåret. Du bestemmer sjølv kva for eit miljø ho skal vere i. Det kan vere over eller under vatn.

Materiale

Du treng ei stålplate i vanleg stål, avfeittingsmiddel, vatn, grunning og måling.

Verktøy

Du treng vaskekost, stålbørste og pensel.

Reingjering

Reingjer med avfeittingsmiddel. Bruk stålbørsten til å fjerne ureinskapar som sit fast. Skyl med vatn, og la stålplata tørke.

Målingssystem

Påfør grunning og måling som opplyst på boksane. Avgjer sjølv om det skal vere 2 strok med grunning eller måling.

Ved slutten av skuleåret

  • Kva har skjedd med den behandla og den ubehandla sida av plata?
  • Samanlikn di med andre elevar sine plater. Det er viktig at platene er i forskjellige miljø.
CC BY-SASkrive av Rune Norli og Kjell Brørs.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2017

Læringsressursar

Industrimålaren