Hopp til innhald

Fagstoff

Jakt og val av våpen

Vi skil mellom storviltjakt og småviltjakt. Storvilt er elg, hjort, rådyr, villrein, bjørn og ulv. Småvilt er alle jaktbare artar som ikkje er storvilt.
Haglpatroner i belte og to hender som held ei hagle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi har to typar våpen som er mykje brukte under jakt i Noreg: rifle og hagle. Med rifle skyt vi éi kule om gongen med lang rekkevidde og høg presisjon. Med hagle skyt vi ut ein sverm med mange små kuler som dekker eit større felt, men dei har ikkje rekkevidde på lenger enn ca. 30 meter.

Rifle og hagle

Det finst mange ulike variantar av rifle og hagle, med ulike bruksområde og funksjonar. Det kan vere lurt å setje seg inn i kva slags våpen og ammunisjon som skal brukast til dei ulike jaktbare artane, sidan det finst veldig mange variantar av våpen og ammunisjon å velje mellom. Mange jegerar meiner det er viktig å prøve ut ulike typar for å finne det våpenet og den ammunisjonen ein trivst med.

Under jakt på elg, hjort, dåhjort, villrein, muflon og moskusfe eller felling av bjørn og ulv er det berre tillate å bruke rifle. Det same gjeld jakt på råbukk i perioden frå 10. august til 25. september.

Rifle og riflepatroner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På småvilt kan vi bruke både rifle og hagle, men det er ofte mest naturleg å bruke hagle på til dømes fugl, hare og rev. Fordelen med hagle er at det er lettare å treffe eit mål i rørsle, som ein fugl som lettar.

Hagle og haglpatroner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kaliber

Kaliber viser til den innvendige diameteren på løpet i eit skytevåpen.

Riflekaliber blir som regel gitt i millimeter eller tommar. Eit vanleg kalibermål på rifle er 6,5 x 55. Det vil seie at diameteren på kula er 6,5 mm og lengda på patronhylsa er 55 mm. Kaliber kan bli angitt på mange andre måtar òg.

Den vanlegaste hagleammunisjonen er kaliber 12 og 20. Talet her viser til kor mange kuler du kan støype av eitt pund bly. Jo større talet er, jo mindre er diameteren. Kaliber 12 og 20 finst normalt i 70 mm og 75 mm lengde. Det er viktig at patronen ikkje er lengre enn kammeret på hagla.

Human avliving

For å sikre ei human avliving er det minstekrav til anslagsenergien til rifleammunisjonen, som er tilpassa viltet vi jaktar på. Anslagsenergi er energien i kula når ho når målet. Det er også krav om ekspanderande ammunisjon ved storviltjakt. At ammunisjonen er ekspanderande, vil seie at han utvidar seg når han treffer målet.

Rettleiing

Du kan få meir rettleiing om kva slags våpen og ammunisjon du skal bruke, til dømes i våpenbutikkar, hos det lokale jakt- og fiskelaget og frå kommunale forvaltningsinstitusjonar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Silje Torgersen og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2017

Læringsressursar

Jakt og fangst