Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Elgskogen

Elgskogen er ein dokumentar om korleis jakta på det største dyret i skogen fører jegerane tettare på kvarandre og forsterkar fellesskapen i bygda.
Foto av ei eldre dame som held ei rifle og sit i ein skog i snøvêr. Ved sida av ho sit ein grå elghund. Dei ser i same retning.

Om filmen

Sigrid flyttar tilbake til heimbygda etter å ha teke musikkutdanning i Oslo. Ho har jakta elg i fleire år, men er framleis ikkje sikker på om ho eigentleg vil skyte det majestetiske dyret.

Nelly og Halvard er eldre og meir erfarne jegerar og møter andre utfordringar i skogen.

Elgjakta har alltid vore heilag for folk i Engerdal. Når jakta byrjar, overskygger ho alt anna. Jakta på det største dyret i skogen fører jegerane tettare på kvarandre og forsterkar fellesskapen i bygda.

Filmdetaljar
  • År: 2021

  • Varigheit: 57 minutt

  • Regi: Ane Helga Lykka

  • Medverkande: Sigrid Stubsveen, Geir Stubsveen, Halvard Nilsen, Nelly Jorunn Karlsen

  • Format: dokumentar

  • Opphavsland: Noreg

Sjå filmen

Sjå dokumentaren Elgskogen på bibliotektenesta Filmbib.

For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.

CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 15.02.2023

Læringsressursar

Jakt og fangst