Oppgave
Lær meir om ein jaktbar art
Målet med denne fordjupingsoppgåva er å lære meir om éin av dei jaktbare artane i Noreg, og korleis det blir drive jakt på denne arten.
Gjennomføring
Avtal i klassen om dette skal vere ei innleveringsoppgåve, eller om de skal lage ein presentasjon som de held for resten av klassen.
Oppgåva kan gjerast i grupper eller éin og éin.
Vel ein jaktbar art som de ønsker å lære meir om. Vel gjerne ein art som det er jakt på i området der de bur.
Bruk bøker og nettsider og finn fakta om arten. Her er nokre stikkord til innhald det kan vere aktuelt å ha med opplysningar om:
- utsjånad og storleik
- utbreiing
- ernæring
- forplantning
- andre opplysningar de finn
Forklar korleis det blir jakta på arten. Her er nokre stikkord til innhald det kan vere aktuelt å ha med opplysningar om:
- jakttid
- jaktformer og våpen
- hunderasar
- jaktstatistikk
- historisk jakt/fangst av arten
Kjelder
Hugs at de skal opplyse om kjeldene de har brukt i oppgåva.