Arbeidsoppdrag
Utsetjing og røkting av minkfeller
I dette arbeidsoppdraget skal du lære å føre båt på ein trygg måte, bruke handhalden GPS, plassere ut minkfeller, markere fellene og ta vare på fangsten.
- Vi fordeler oss på to båtar med fire i kvar båt. Gruppene må passe på at alle får prøve seg på alle arbeidsoppgåvene, og de må hjelpe kvarandre eller spørje læraren dersom de treng hjelp.
- Kvar gruppe tek med nødvendig personleg utstyr, minkfelle og GPS og gjer båten sjøklar.
- Alle køyrer med båt til første staden for utsetjing av felle (læraren bestemmer stad).
- Vi diskuterer kvifor det kan vere aktuelt å fange mink.
- Vi set ut den første fella, går gjennom kva som kjenneteiknar ein god stad for å setje ut minkfelle, og grunngir kvifor vi set fella vår akkurat her.
- Læraren går gjennom korleis vi skal bruke GPS til å markere kvar fella er sett.
- Kvar gruppe finn ein god stad for å setje ut fella si, set ut fella og markerer kvar fella er sett ved hjelp av den handhaldne GPS-en.
- Læraren gir opp koordinatane for fellene som er sette ut på førehand. Gruppene bruker GPS til å finne den første fella.
- Alle samlar seg ved fellene og sjekkar fangsten.
- Vi hentar fangsten ut av fellene og måler, veg og kjønnsbestemmer minken som er fanga.
- For kvar felle skal du lage ein tabell som inneheld ei beskriving av kvar fella er sett, koordinatar som viser plasseringa av fella, dato og mål, vekt og kjønn på kvart dyr. Fangsten pakkar du i plast. Læraren frys ned fangsten.
- Vi går til kai, ryddar, vaskar og fortøyer båtane.
- Før vi går heim, samlast vi på kaia og gjennomfører eigenvurdering. Eigenvurderingane og oversiktene over fangsten leverer de til læraren.
Dette treng vi:
- dagstursekk
- sitjeunderlag
- mat og drikke for å vere ute heile dagen
- varme klede og sko
- eventuelt fotoapparat
- agn til fellene (i bitar)
- eventuelt fiskeutstyr
Lærarane sørger for flytevestar, drivstoff til båten, minkfeller og berbar GPS for å markere kvar fellene blir sette ut.
Etter denne økta kan du
- gjere båten sjøklar (ta sikkerheitssjekk, sjekke drivstoff, lense båten, laste båten forsvarleg)
- gjere greie for krava til sikkerheitsutstyr i småbåt og sjekke om det er på plass
- fylle rett type drivstoff og starte påhengsmotoren
- føre båt med påhengsmotor trygt og ta omsyn til straumar og vind, vêr, botnforhold og tidevatn
- føre båten trygt når du legg til kai og set i land folk
- velje gode stader for å plassere ut feller, og forklare kvifor du vil plassere fellene akkurat her
- forklare korleis du skal setje ut fellene for å vere sikker på fangst
- forklare kvifor vi driv med fangst av mink
- demonstrere og forklare korleis du bruker handhalden GPS når du markerer dei utplasserte fellene
- tilpasse påkledninga etter vêr og aktivitet
- forklare korleis minkfella verkar, og korleis minken blir avliva
- ta vare på fangsten (ta mål av og vege minken, kjønnsbestemme han, eventuelt fryse fangsten ned for behandling seinare)
- rydde og vaske båten når turen er over
- fortøye båten forsvarleg
Vurdering
Last ned skjemaet "Eigenvurdering: Utsetjing og røkting av minkfeller" og gjer eigenvurdering.
Filer
Læraren og klassen avtaler korleis arbeidet skal vurderast.