Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er terror?

Masseskytinga på Utøya i 2011 er den mest alvorlege terrorhendinga vi har hatt i Noreg. Terror er bruk av vald med mål om å skape frykt og uro for å fremje eigne interesser. Terror har blitt ein del av trusselbiletet som må greiast ut og beskrivast i beredskapsplanar.
Nærbilete av eit piggtrådgjerde. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er terror?

Det kan vere vanskeleg å gi ein nøyaktig definisjon av terror. Heller ikkje medlemslanda i FN har klart å samle seg om ein klar definisjon, men i utkastet til ein konvensjon som forbyr terrorisme, seier dei at terrorisme handlar om

[…] intensjonelle, ulovlige og skadelige handlinger hvor målet er å skremme en befolkning, eller å tvinge en regjering eller en internasjonal organisasjon til å gjøre eller frastå fra bestemte handlinger.

Forenkla kan vi seie at terror er bruk av vald med mål om å skape frykt og uro for å fremje eigne interesser.

Ein del av kvardagen vår

Terror har blitt ein del av kvardagen vår. Som tilsett i eit serviceyrke vil du derfor få opplæring i korleis du skal gå fram ved moglege terrorsituasjonar. Viss du til dømes skal jobbe på eit kjøpesenter, vil du få opplæring i å kjenne att mistenkjelege gjenstandar, som kan vere bomber eller våpen. Når vesker, pakkar og koffertar har blitt sette att på senteret, må du vurdere om politiet skal varslast, og i nokre tilfelle må evakuering gjennomførast.

Fare for terror kan òg påverke omsetninga til verksemder, spesielt innanfor reiselivsbransjen. Hotell kan til dømes erfare at besøkstala går ned ved terrorfrykt, mens ei oppleving av tryggleik kan ha den motsette effekten. Uansett vil merksemda rundt terror i verda føre til at gjestane etterspør høg tryggleik og ønskjer informasjon om lokale tiltak.

Framsida av Høyblokka i Regjeringskvartalet etter bombeeksplosjonen 22. juli 2011. Vindauge er blåsne ut, gardiner og  bygningsdelar heng på skakke langs fasaden. Mange lause delar ligg strødd på plassen framfor bygget. Frå dei øvste etasjane kjem det ut røyk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tre hovudgrupper av ekstremisme

Ofte ser vi at terror blir utført av menneske med ekstreme meiningar og haldningar. Terror er altså sterkt knytt til ekstremisme. La oss sjå på dei viktigaste formene for ekstremisme.

Religiøs ekstremisme

Når nokon med ei sterk religiøs overtyding aktivt bruker truslar og vald for å hindre andre i å leve ut si overtyding, snakkar vi om religiøs ekstremisme. Fleire alvorlege terrorhandlingar blir knytte til ytterleggåande muslimske grupperingar som IS (Den islamske staten), Boko Haram og al-Qaida.

Høgreekstremisme

Høgreekstremisme finn vi hos grupper og enkeltpersonar som står langt til høgre politisk. Ifølgje Politiets tryggingsteneste (PST) er trusselen frå høgreekstreme i Noreg aukande. Her heime kjenner vi alle saman godt til angrepet på Utøya og Regjeringskvartalet i 2011. I andre land har det vore fleire tilfelle dei seinare åra med høgreekstreme enkeltpersonar som har utøvd terror ved til dømes å skyte eller køyre inn i folkemengder.

Venstreekstremisme

Venstreekstremisme finn vi blant dei som står langt til venstre politisk. PST vurderer terrortrusselen frå venstreekstreme som svært liten i Noreg.

I Europa var venstreekstremisme meir utbreidd i 1960- og 1970-åra, ofte med utspring i marxismen.

Vurdering av trusselnivået i Noreg

PST utarbeider regelmessig ei trusselvurdering, minimum ein gong i året, der dei fastset kor høg trusselen for terror i Noreg er. I 2021 er trusselnivået vurdert til å vere moderat, jf. trusselskalaen til PST.

Trusselskalaen til PST

Nivå

Omgrep

Kort forklaring

5

EKSTRAORDINÆR trusselsituasjon

Det er gjennomført ein terroraksjon eller finst ein uavklart trussel i Noreg.

4

HØG terrortrussel

Fleire aktørar har evne og vilje til å gjennomføre terror i Noreg.

3

MODERAT terrortrussel

Éin eller fleire aktørar kan ha evne og vilje til å gjennomføre terror i Noreg.

2

LÅG terrortrussel

Enkelte aktørar kan ha vilje til å gjennomføre terror, men manglar evne til å gjennomføre planane.

1

INGEN kjend terrortrussel

Det går føre seg ulike typar aktivitet i ekstreme miljø, men det finst ingen kjennskap til aktørar som har vilje til å gjennomføre terror i Noreg.

Kjelde

FN-sambandet (2020, 14. september). Ekstremisme og terrorisme. FN-sambandet. https://www.fn.no/tema/konflikt-og-fred/ekstremisme-og-terrorisme


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld og Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 04.05.2021

Læringsressursar

Trusselbilete