Hopp til innhald

Fagstoff

Marine rovdyr – flotte, fascinerande og farlege

Dyr som et andre dyr, blir kalla rovdyr eller predatorar. Her skal vi sjå nærare på dyr som er øvst i næringskjedene i havet, dei marine topp-predatorane.

Kva er marine rovdyr?

Fisken i oppdrettsmerdane er freistande mat både for menneske og dyr. Desse dyra konkurrerer med oss om maten og kan gjere skade på oppdrettsfisk og oppdrettsanlegg. Blant dei finn vi kvalar, selar, haiar og mange sjøfuglar. Rovdyra i havet står ofte langt oppe i næringskjeda – gjerne som fjerde- og femteforbrukarar.

Organismar i havet forbundne med pilar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kval

Det finst mange kvalartar i verda, og vi kan dele dei i to store grupper: tannkvalane og bardekvalane. Tannkvalane fangar større byttedyr som fisk, fugl og sel, mens bardekvalane filtrerer sjøvatn og lever av plankton og smådyr dei får tak i. Kvalane er blant dei mest fascinerande dyra i verda, og heldigvis gjer dei lite skade i samband med fiskeoppdrett.

Spekkhoggar som kjem opp av havet. Foto.

Sel

Vi skil mellom ishavsselane, som lever til dømes på Svalbard, og kystselane, som finst langs heile norskekysten. Kystselane kan gjere betydeleg skade på fisk og utstyr i eit oppdrettsanlegg. Ein merd full av fisk er som ein godtebutikk for ein sel – berre han kan komme seg inn til godsakene! Hol på nøter er ofte resultatet når selar er svoltne. Kystselane er steinkobbe og havert. Begge har andre lokale namn i ulike delar av landet. Kva blir desse selartane kalla der du bur?

Steinkobbe på land. Foto.

Hai

Av haiartane er det særleg pigghåen som kan gjere skade på oppdrettsanlegg hos oss. Han kan effektivt gnage hol i nota for å tilgang på fisken som er inni. Pigghåen er ein vanleg art langs norskekysten. Han kan òg forsyne seg godt av fisk som står på garn eller line, så han er slettes ikkje ein venn av fiskaren!

Pigghå sym rett over havbotnen. Foto.

Mink og oter

Desse symjedyktige rovdyra i mårfamilien sym gjerne ut til eit oppdrettsanlegg etter mat, og dei hoppar like godt rett oppi matfatet. Dei er smidige og små og kjem seg enkelt opp på flytekragen og ned i merden – og ut att.

To bildete, ein mink på land og ein oter med ein fisk i munnen på ein stokk i vatnet. Foto.

Sjøfuglar

I det daglege er det sjøfuglane som er dei mest pågåande rovdyra rundt eit oppdrettsanlegg. Skarv, måse, terne eller ørn – alle vil dei ha ein bit av den herlege laksen. Alle fiskeoppdrettsanlegg, både på land og i sjøen, må verne fisken mot rovfugl ved å setje opp nett eller annan type vern.

Sjøanlegg for laks. Foto.

Menneske

Plakat om ferdselsforbod ved oppdrettsanlegg med tekst på norsk, engelsk og tysk. Illustrasjon.

Ofte står det villfisk rundt oppdrettsmerdane. Områda rundt oppdrettsanlegg er populære fiskeplassar for turistar som kjem til Noreg for å fiske. På grunn av smittefare og fordi fisken blir forstyrra, er det forbode å fiske eller å køyre båt i nærleiken av eit oppdrettsanlegg. Likevel går det mange historier om turistar som fiskar etter laks rett oppi merdane!

Turistnæringa og oppdrettsnæringa må ta eit felles ansvar for å informere om forbodet mot fiske og ferdsel rundt oppdrettsanlegga.

CC BY-SASkrive av Eli Skoglund.
Sist fagleg oppdatert 12.10.2017

Læringsressursar

Helse og velferd for fisk