Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tyskland sigrar på alle frontar

Den 9. april 1940 starta den tyske okkupasjonen av Noreg. Tyske soldatar marsjerte inn i dei største byane og tok over den formelle styringa av landet vårt. Du skal studere eit fotografiet frå Oslo like etter at okkupasjonen starta.
Stortingsbygningen med eit banner med tysk skrift med store bokstavar. På banneret står ”Deutschland siegt an allen Fronten” eller på norsk "Tyskland sigrar på alle frontar".
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Teksten som er hengd opp på tvers av stortingsbygningen, er skriven på tysk og betyr "Tyskland sigrar på alle frontar".

Studer biletet nøye og svar på desse spørsmåla:

  1. Når trur du dette biletet blei teke? Klarer du å finne månad og år?
  2. Beskriv det du ser på biletet. Korleis reagerer du?

  3. Korleis trur du nordmenn reagerte då dei såg dette?

Oppgåve 2

Ofte kan eit bilete ha ulik betydning alt etter kva samanheng det blir brukt i. Eit bilete som opphaveleg var meint å dokumentere ei positiv hending, kan av ein annan tolkast som bevis på at den same hendinga var negativ.

  1. Sjå nøye på biletet ein gong til. Førestill deg at du finn dette fotografiet i ei norsk illegal avis frå 1940. Korleis ville du som nordmann ha tolka biletet då? Gi ei kort grunngiving.
  2. Førestill deg at du fann fotografiet i ei tysk avis frå den same tida. Korleis ville du som tyskar ha tolka dette biletet? Gi ei kort grunngiving.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Patricia Haeck og Gunn Løwe. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 09.01.2023

Læringsressursar

Krigen i Noreg