Hopp til innhald

Fagstoff

Kulturforskjellar

Gjestene våre er forskjellige. For å møte gjestene på ein god måte må vi prøve å forstå kva dei ønskjer, og kva forventningar dei har. Eit dyktig vertskap lyttar og fangar opp signal gjennom kroppsspråket til gjestene.
Alvorlege forretningsfolk ved konferansebordet. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle gjester er forskjellige

Sidan alle gjester er forskjellige, kan det verke nesten umogleg å vite kva ein skal leggje vekt på. Det viktigaste er at vi har eit grunnleggjande ønske om å møte gjesten slik gjesten ønskjer å bli møtt.

Hugs at

  • gjestene vil bli behandla som enkeltindivid, ikkje som ein del av ei større gruppe
  • vi lærer mykje av gjestene ved å stille spørsmål og be om råd for å kunne bli betre – slik styrkjer vi kunnskapen vår

Nokre forskjellar i skikk og bruk

I Tyskland er forretningskulturen veldig formell, og ein tyskar kan bli svært fornærma dersom han eller ho under eit formelt møte blir tiltalt med fornamn.

Går ein i same kleda to dagar på rad i USA, blir ein sett på som ureinsleg.

Skryter du av smykket som den greske venninna di ber, kan du risikere at ho tek det av seg og gir deg det i gåve. I Hellas er det vanleg å kjenne seg forplikta til å gi frå seg eigedelar som andre openlyst beundrar.

Blant italienarar er det vanleg å tilby å dele det ein et. Det blir sett på som uhøfleg å ete noko framfor andre utan å tilby seg å dele.

Lytt til gjesten!

Det er mange måtar å skaffe seg kunnskap på, men det aller viktigaste er å lytte. Eit dyktig vertskap fangar også opp signal gjennom blikk og kroppsspråk.

Les meir om aktiv lytting.

Følg opp!

Som vertskap er det viktig at du følgjer opp gjestene. Står du i ein hotellresepsjon og gjestene kjem innom berre for å levere frå seg romnøkkelen, så kan du spørje om korleis dei har det, og om dei trivst. Samtidig er det eit godt høve til å høyre om det er noko du kan gjere for å gjere opphaldet endå betre for dei.

Oppgåve

Finn fleire døme på kulturelle forskjellar. Har du sjølv opplevd nokre – her i landet eller på reise i utlandet?

CC BY-SASkrive av Hilde Morseth. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 09.01.2019

Læringsressursar

Kulturforståing og kommunikasjon