Hopp til innhald
Oppgåve

Å finne «bølgjelengda» til gjesten

Ein profesjonell serviceytar skal kunne snakke med alle menneske. Korleis kan vi finne «bølgjelengda» til kvar enkelt gjest, og kva er god kommunikasjon?

Rollespel

Gå saman to og to. Den eine tek rolla som servicearbeidar, den andre tek rolla som gjest.

Del 1: Førebuing

Skriv nokre stikkord om rolla du skal spele (som til dømes alder, kjønn, utdanning, heimstad, livssituasjon).

Del 2: Gjennomføring

Set i gang rollespelet. Byt på rollene som servicemedarbeidar og gjest.

Etter rollespelet

Skodespelarane fortel korleis dei opplevde situasjonen. Var kommunikasjonen god? Dei andre elevane kommenterer rollespelet.

Relatert innhald

Fagstoff
Å finne «bølgjelengda»

Vi ser på kommunikasjon i vertskapsrolla: Korleis kan vi finne kvar enkelt gjest si «bølgjelengde»?