Hopp til innhold
Bokmål
Kildemateriell
Lyd

Over mark og mose

Teksten "Over mark og mose" er skrevet av Maria Parr. Hun beskriver minner fra da hun var barn.

Lytt til teksten

Du kan lytte til teksten under (lengde 3:44). Det er forfatteren som leser.

Maria Parr: Over mark og mose

0:00
-0:00
Lyd: Maria Parr / CC BY-NC-ND 4.0

Over mark og mose

Hugsar de korleis det var å ta av seg før i tida? Desse støvlane utan som alle barn har? Hugsar nokon korleis det var å ta dei av seg? Om våren? Eg hugsar.

Det var slik før i tida, at fall, eitt for eitt, etter kvart som varmegradene gjorde seg gjeldande i frå slutten av mars og utover. Kor raskt klesplagga forsvann, varierte uunngåeleg frå familie til familie. Og det var alltid nokon som .

− Dei gjekk utan på torsdag! kunne vi seie, og vise til skråsikre av som hadde kome lenger enn oss i . Utan verknad i det heile. Vinterplagga vart like plukka vekk i vår familie sitt tempo, avhengig av samspelet mellom , temperatur og mamma sin heimla i og .

Ein dag var det lov å gå på skule utan . For første gong det året. Ein annan dag vart og tjukkegenseren bytte ut med ei halvkrølla og uvand dongerijakke. Så forsvann hua. Ofte langt ut på .

Og ein dag, ein vakker dag som dei seier, fall cherroxane.

Den dagen var det sol. Alltid. Og fuglesong, og som ikkje gav frå seg vatn når ein steig på. Og . Og joggesko. For aller, aller første gong det året. Og om eg prøver det eg er god for, så trur eg ikkje eg greier å skildre den kjensla.

Ære vere cherroxane. Cherroxane er ei på mange måtar. Små, klumpete vintersko i glade fargar som held ute alt som kan føre til øyrebetennelse og anna . Vatn og kulde og alt, det held cherroxane ute. Men cherroxane held ein også nede. Det er ikkje til å kome forbi. Cherroxane dreg mennesket nedover. Dei forsterkar . Limar stega til bakken. Dei er tunge. Veldig tunge. Og ingen veit kor tunge dei verkeleg er, før ein får ta dei av seg. For første gong om våren.

Hugsar de dei ti−femten første stega med joggesko? Mens føtene enno ikkje hadde omstilt seg frå cherrox-tyngda, men og sende eit lite menneske nesten når det hoppa og sprang over mark og mose? Det var som å flyge. Heilt som å flyge. Inne stod cherroxane. Ute flaug eit nesten , lukkeleg menneske med joggesko for første gong. Så lett, så lett. Slik var det.

Eg tenkte på det for nokre dagar sidan. Ein vakker dag med sol som tørka opp marka og mosen.

− I dag, tenkte eg, − i dag hadde eg fått lov til å gå utan cherroxar for første gong, dersom det var før i tida. Og eg såg ned på beina mine som stod mellom kvitveis og . Dei hadde lette sko på seg. Allereie. Beina som stod der, hadde gått med lette sko stadig vekk, heile vinteren igjennom.

Og det var sårt å stå der mellom kvitveisen, utan å ha gått med cherroxar kvar dag sidan november. Ingen seier at eg er nøydd til det, lenger. Og ingen går i cherroxar kvar dag utan at nokon seier at ein er nøydd til det.

Men det er eit tap. For å springe over mark og mose den første vårdagen med joggesko, det er fint, det. Det er kanskje det aller finaste som finst i heile vide verda.

Tekst: Maria Parr / CC BY-NC-ND 4.0

Relatert innhold

Skrevet av Elisabeth Lønning.
Sist oppdatert 26.06.2025