Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Memory – omgrep om mutasjonar

I dette spelet skal du kople saman omgrep med riktig forklaring. Memoryspelet passar for to personar.
Spelekort med omgrep og forklaringar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Spelereglar

Vedlagd finn du eit A4-ark med omgrep og eit A4-ark med omgrepsforklaringar (Word og PDF). Skriv ut arka i to forskjellige fargar og klipp opp memory-korta. Legg alle korta opp ned på bordet og bland dei.

Samarbeid to og to

Den eine spelaren startar med å snu to lappar – ein av kvar farge. Viss forklaringa på det eine ikkje passar saman med omgrepet, legg ein dei tilbake med baksida opp. Så er det nestemann sin tur.

Viss forklaringa passar saman med omgrepet, tar spelaren vare på stikket og trekker to nye lappar. Den som har flest stikk til slutt vinn.

Filer

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Hilde Ervik.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2020

Læringsressursar

Gen blir arva og endra