Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øvingsoppgåver – gen blir arva og endra

Desse øvingsoppgåvene krev at du arbeider med stoffet.
Éin svart og to kvite sauer med lang ull. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. To sauer. Illustrasjon.
    Set opp kryssingsskjema for kvit og svart sau med kodominant nedarving av pelsfarge. Vel til dømes H og S som symbol for . Lag til slutt ei oversikt som viser den sannsynlege fordelinga av fenotypar og genotypar i andre generasjon.
  2. Ein kvit og ein raud blomster. Illustrasjon.
    Set opp eit kryssingsskjema som viser intermediær arv hos raud og kvit løvemunn.
    Lag til slutt ei oversikt med sannsynleg fordeling av fenotypar og genotypar i andre generasjon.
  3. Stamtavle med dominant ikkje-kjønnsbunden sjukdom
    Kan du ved hjelp av stamtavla finne ut om eigenskapen (raud) er nedarva dominant, recessivt og/eller kjønnsbunde? Grunngi påstanden din.

  4. Kjønnsbundet arv: Set opp eit kryssingsskjema mellom
    1. fargesvak kvinne (XfXf) og mann med normalt fargesyn (XFY)
    2. fargesvak mann (XfY) og kvinne (XFXf) som er berar av genet for fargesvakheit
  5. Recessiv arv. Illustrasjon.
    På biletet ser du at eitt av fire barn har arva ein sjukdom. Raud farge indikerer sjukdom her. Kan du avgjere om sjukdommen er kjønnsbunden eller ikkje, og om han er dominant eller recessiv? Grunngi svaret!
  6. Arv og miljø: Vel ein eigenskap og tenk gjennom korleis du trur at arv og miljø påverkar utviklinga av denne eigenskapen. Drøft med andre og reflekter over argumentet til kvarandre.
  7. Korleis kan miljøet påverke endringar i genuttrykket? Kva skjer med gena? Gi nokre døme på miljøfaktorar som kan slå av nokre gen og aktivere andre.
  8. Mutasjonar

    1. Lag ei oversikt (liste) med ulike kategoriar av mutasjonar. Sorter dei etter kva som har skjedd i DNA-et (gen og kromosom).
    2. Vel ein kjend eigenskap eller sjukdom som kjem av ein mutasjon. Finn ut det du kan om den genetiske årsaka, og korleis mutasjonar påverkar individet.
CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 20.08.2020

Læringsressursar

Gen blir arva og endra