Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Fødd sånn eller blitt sånn?

Kor stor del av identiteten din blir forma av gena, kor mykje kjem av det miljøet du veks opp i, og kor mykje kan du bestemme sjølv? Når du ser deg sjølv i spegelen – er du fødd sånn, har du blitt sånn, eller er du noko midt imellom?

Oppgåve 1. Identitet og genar

Diskuter i grupper:

  1. Kva delar av identiteten din kjem av gena?
  2. I kor stor grad avgrensar gena våre moglegheiter til å forme vår eigen identitet?
  3. Plasser eigenskapane i oppgåva under i den kategorien du trur er mest riktig. Kjem dei ulike eigenskapane mest av arv, mest av miljø eller like mykje av begge delar? Diskuter deretter resultata dine i oppgåva med resultata til dei andre i gruppa. Viss de er ueinige, kan de prøve å finne ut meir på nettet.

Oppgåve 2. Epigenetikk

Sjå filmen over og svar på spørsmåla:

  1. Om det er kulturen eller naturen som formar mennesket, er eit gammalt spørsmål. Kvifor trur du så mange menneske har vore opptekne av dette spørsmålet?
  2. Kvifor kan det ifølgje Dag O. Hessen vere farleg å skylde på gena for måten vi oppfører oss på?
  3. Kvifor er det så vanskeleg å finne ut korleis enkeltgen påverkar alt frå fysisk høgde til utruskap?
  4. Korleis kan miljøet påverke gena ifølgje epigenetikk? Nemn nokre konkrete døme.
  5. Kvifor er det ifølgje Dag O. Hessen naturleg for mennesket å vere empatisk og vise omsorg overfor kvarandre?
  6. Til slutt i filmen seier Dag O. Hessen at den biologiske naturen vår er langt meir positiv enn vi ofte trur. Dette er det viktig å vere klar over, fordi vi menneske har ein tendens til å bli det vi trur vi skal vere. Kva meiner Hessen med det? Er du einig eller ueinig?
  7. Diskuter kvifor det kan vere viktig å ha kunnskap om epigenetikk, og måten genane påverkar oss, når vi skal kartleggje vår eigen og andre sin identitet?
Forskar fjernar bit frå eit molokyl. Manipulert foto.

Oppgåve 3. Genmodifisering

Vi menneske får i større og større grad kunnskap om korleis vi kan endre det genetiske materialet vårt ved hjelp av bioteknologi. I framtida blir vi kanskje nøydde til å ta stilling til ei rekkje nye spørsmål. Diskuter følgjande påstandar:

  1. Det burde vere lov å bruke bioteknologi til å unngå arvelege sjukdommar viss det blir mogleg.
  2. Det burde vere lov å bruke bioteknologi til å endre gena, slik at vi kan leve lenger viss det blir mogleg.
  3. Det burde vere lov å bruke bioteknologi til å endre utsjånad og intelligens viss det blir mogleg.
  4. Viss vi i framtida bruker bioteknologi til å unngå arvelege sjukdommar, leve lenger og endre utsjånad og intelligens, vil det i stor grad endre måten vi menneske ser på oss sjølv og vår eigen identitet på.
  5. I framtida vil vi ved hjelp av bioteknologi kunne bli i stand til å leve evig, og då vil vi ikkje lenger identifisere oss sjølv som menneske, men gudar.


Relatert innhald



CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2020

Læringsressursar

Gen blir arva og endra