Hopp til innhald

Fagstoff

Vi er forma av arv og miljø

Eigenskapane våre er eit resultat av eit samspel mellom arv og miljø. Til dømes er utsjånad, helse og personlegdom forma av både gen og ytre påverknad. Epigenetikk er eit forskingsfelt som prøver å kartlegge korleis miljøet påverkar aktiviteten til gena våre.
Tvillingar, tenåringsjenter med rosa hår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva bestemmer korleis vi blir?

Vi har tallause eigenskapar, både synlege og usynlege, som er med på å bestemme korleis vi er. Desse er produkt av både arv og miljø. Eigenskapane våre er i større eller mindre grad arvelege, men dei er modifiserte av miljøet.

Fakta om DNA-et vårt
  • Under 2 prosent av DNA-et vårt er gen som kodar for protein.
  • Resten av DNA-et veit vi lite om, men vel 98 prosent av det humane genomet er ikkje-kodande DNA (òg kalla søppel-DNA). Funksjonar vi kjenner til i desse delane, er m.a.:
    • sekvensar, som kontrollerer transkripsjon av gen
    • intron, som er ikkje-kodande seksjonar av eit gen, og som blir fjerna før det ferdige mRNA-et er klart
    • transposon, som er ein type bevegelege element
    • telomer, som er repeterande kodar i enden av kromosom, som vernar DNA-tråden mot slitasje, og som blir kortare jo eldre vi blir
  • 98 prosent av DNA-et vårt er likt DNA-et til sjimpansane, men mennesket har langt fleire kopiar av ein del gen, mellom anna dei gena som styrer hjernefunksjonar.

Arv eller miljø?

Nokre få av trekka våre, som augefarge, er tilsynelatande bestemde berre av gena, men det er ikkje heilt riktig, sjølv om dei rett nok i stor grad er arvelege. Augefargen er bestemd av fleire genpar, og miljøfaktorar påverkar kva gen som er aktive. Til dømes kan ein få blå-grøne auge jamvel om ein har arv for brune auge. Det kan komme av at pigmentutviklinga ikkje har komme i gang, og årsaka til dette kan vere miljøfaktorar.

Det finst òg nokre sjukdomsgen som gjer at alle som ber genet, blir sjuke, men miljøet kan påverke når sjukdommen bryt ut, og kor alvorleg sjukdomsforløpet blir.

Ei stor gul mus og ei lita gråbrun mus. Foto.

I mange tilfelle speler miljøet ei stor rolle. Det vil seie at eigenskapane er lite arvelege. Til dømes er den dialekta eller det språket du snakkar, påverka av personane rundt deg i det miljøet du veks opp i, mens stemma di er forma av både arv og miljø.

Dei to musene på biletet er klonar – altså genetisk identiske – men dei er svært ulike i storleik og farge. Både åtferd, kosthald og andre miljøfaktorar har modifisert genuttrykket slik at det er ulikt kva for nokre gen som er aktive. Dei har altså svært ulik sjølv om dei har identisk .

Vi er eit produkt av arv og miljø. Alle evnene og eigenskapane våre utgjer til saman fenotypen vår – med andre ord "korleis vi er".

To bilete av løvetann. Planten som veks mellom brostein, har kort stilk, korte blad og berre ein blomster, mens planten i natureng har fleire blomstrar med lang stilk og lange blad. Foto.

Livsstil og helse

Forsking på førekomstar av hjarte- og karsjukdommar, diabetes og fleire andre sjukdommar hos folkegrupper som byter miljø og livsstil, har gitt ny kunnskap om tydinga av arv og miljø.

Les meir om diabetes hos snl.no

Nokre folkegrupper får diabetes ti år tidlegare og ti gonger så ofte

Undersøkingar har vist at førekomsten av diabetes type 2 hos etniske nordmenn er 6,4 prosent blant menn og 2,7 prosent blant kvinner. Blant ikkje-vestlege innvandrarar er førekomsten høgare, og høgast er han hos den norsk-pakistanske befolkninga, med 20,0 prosent hos menn og 26,4 prosent hos kvinner. Befolkninga frå Asia som har innvandra til Noreg, har høg førekomst av både diabetes og tidleg hjarte- og karsjukdom, og dei får diabetes opptil ti år tidlegare enn etniske nordmenn (Backer-Owe, 2020).

Fleire faktorar

Type 2-diabetes er ein sjukdom der livsstilen er avgjerande. Vi ser til dømes at førekomsten av diabetes aukar når menneske frå Sør-Asia flyttar frå landsbygda til større byar i heimlandet eller til Vesten. Det kan tyde på at livsstil er ein viktig faktor. Mindre fysisk aktivitet og omlegging til eit kosthald med meir feitt og sukker gjer at dei legg på seg og får høgare risiko for å utvikle diabetes.

Gena, og spesielt miljøpåverknaden på gena, er viktig i denne samanhengen. Er ein underernært på fosterstadiet og seinare får høg tilgang på næring, kan ein òg få høgare risiko for å utvikle diabetes. Endringane skjer først og fremst i kva gen som blir skrudde av eller på tidleg i livet.

Vala dine – livsstil påverkar gena

Du vel ikkje gena dine sjølv, men du kan styre miljøet ditt i nokså stor grad. Om og om igjen står vi menneske overfor val som påverkar livsstilen vår og miljøet vårt. Om ein sofaslitar byrjar å trene, vil utvalet av gen som er aktive, bli endra. Det kan gi positive utslag på meir enn uthald og styrke. Slik kan miljøfaktorar påverke korleis gena blir brukte.

Filmomtale

Vi følger to gutar gjennom livet frå dei er to til dei er 86 år. Den eine vel sunne alternativ, sunn mat og er fysisk aktiv. Den andre et usunn mat, er lite fysisk aktiv og røyker. Til slutt kjem det fram at den første har ein aktiv alderdom, mens den andre er pleietrengande.

Kjelde

Backer-Owe, B. (2020). Diabetes blant innvandrere. Henta frå https://www.altomdinhelse.no/diabetes/diabetes-blant-innvandrere/.

Relatert innhald

Her finn du film, spørsmål til diskusjon og arbeidsoppgåver knytt til filmen "Bioteknologiskolen 2 Arv og avl – når to blir éin".

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 12.11.2021

Læringsressursar

Gen blir arva og endra