Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kostnadsutrekning av ein live-produksjon

Du skal planleggje og kostnadsberekne ein live-produksjon med hjelp av rekneark. Det gir grunnlaget for å kome med eit tilbod eller anbod.
Jente med videokamera. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å filme ein live-produksjon krev god planlegging, tekniske kunnskapar og fleire medarbeidarar som kan filme. I denne oppgåva skal du berekne kva slike produksjonar kostar. Når du har henta inn prisar og berekna kostnader, er det tid for å lage ei oversikt ved hjelp av rekneark. Lenger ned i saka finn du to oppdrag: Det første er streaming av ein kamp på eit idrettsarrangement, medan det andre er ein live-produksjon av fylkesmeisterskap i yrkesfag ved skulen din.

Tilbod eller anbod?

Kostnadsutrekning av oppdraga gir grunnlaget for eit tilbod. Både idrettslaget og fylket vil få eit tilbod der de har berekna kva oppdraget vil koste. Eit tilbod kan forhandlast av begge partar, både kjøpar og tilbydar. I tillegg finst det anbodskonkurransar der kjøpar får tilbod frå fleire tilbydarar. Då kallast tilboda for anbod. Eit anbod er eit forpliktande tilbod, som ikkje blir forhandla undervegs i prosessen.

Å kostnadsberekne eit oppdrag

  • Kva slags utstyr trengst? Ofte ser ein etter tal på kamera, miksebord, lydutstyr, lysutstyr, kablar og berbar pc.
  • Kan de bruke utstyret til skulen, eller må de leige inn utstyr? Hent inn prisar på leige av utstyr.
  • Kva teknologi, og kva slags program vil de bruke for å streame? Fungerer alt utstyret saman?
  • Lagar de vignettar sjølve, eller må de kjøpe rettar til innhald?
  • Kor mange medarbeidarar trengst til produksjonen, og kva funksjonar treng de? Døme på dette er produsent, teknisk leiar, kameraførar, lydansvarleg, lysansvarleg, nokon som kan lage vignetten og eventuelt andre funksjonar.

Kostnader og meirverdiavgift

Er kostnadene berekna per time, eller er det ein eingongskostnad? Lønnskostnader til til dømes ein lydteknikar blir ofte berekna som timepris inklusiv eller eksklusiv meirverdiavgift. Det blir berekna 25 prosent påslag for meirverdiavgift til leige av utstyr og fagfolk. Servering og sal av reklameplass får òg 25 prosent meirverdiavgift på kulturarrangement. Her kan du lese meir om satsar for meirverdiavgift på kultur og- idrettsarrangement på sidene til Skatteetaten.

Lag ei kostnadsutrekning for live-produksjonen. Bruk rekneark og legg inn formlar. Då kan du enkelt endre på talet på og pris. Husk å bruke vekstfaktor når du reknar med prosent. Viss du ønskjer å leggje 25 prosent meirverdiavgift på ein pris, kan du multiplisere prisen med 1,25.

Utrekningar med vekstfaktor

Vi set startverdien til til dømes 340 kroner.

Dersom startverdien skal auke med 25 prosent:

340 kr·1+25100=340 kr·1,25=425 kr

Dersom startverdien skal minke med 25 prosent:

340 kr·1-25100=340 kr·0,75=255 kr

Filer

Oppdrag 1: Film ein kamp på eit idrettsarrangement

Ein lokal idrettsklubb skal spele ein viktig kamp og ønskjer at det blir laga ein live-produksjon av han. Denne skal visast på storskjermar ved kamp-arenaen og også blir send direkte på nettsidene deira.

Lag ei kostnadsoversikt og gi idrettsklubben eit tilbod.


Dei ønskjer følgjande:

  • oversiktsbilete over heile kamp-området
  • mange utsnitt av utøvarane, både halvnære og totalt utsnitt
  • utsnitt som dekkjer begge halvdelane av kamp-området
  • dei vil vise både heimelag og bortelag i tillegg til reaksjonane til publikum

Oppdrag 2: Live-produksjon av ein fylkesmeisterskap i yrkesfag

Fylket og næringslivet ber dykk om å levere eit anbod på live-produksjon av fylkesmeisterskapen i yrkesfag, som skal vere ved skulen dykkar om tre veker. Det skal vere minst seks ulike yrkesfag som skal vise fram og ha fagprøve.

Lag ei kostnadsoversikt, og gi arrangørane eit tilbod.

Dei ønskjer følgjande:

  • filming av scene med konferansier og gjestar i starten kl. 9.00–9.30, som blir vist på storskjerm
  • minst to vignettar til å bruke i starten og slutten av produksjonen
  • filming frå fylkesmeisterskapen medan elevane jobbar kl. 9.30–12.30. Vise augneblinksbilete, intervju med elevar som jobbar med yrkesfaga og vise innhald undervegs frå dei ulike yrka
  • filming frå scena med presentasjonar, framlegg og kåringar frå kl. 13.00–15.00


CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid og Viveca Thindberg.
Sist fagleg oppdatert 04.09.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod