Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppbevaringsboks for videospel

Håvard vil få produsert ein oppbevaringsboks for videospel. Hjelp han med kalkylane.
Ung mann sit framfor ein stor dataskjerm og speler videospel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Håvard synest det er vanskeleg å halde orden på videospela sine. Han har sett seg lei på at dei flyt rundt. Ut frå dette har han fått ideen om å produsere ein oppbevaringsboks for videospel.

  • Han kan få tak i videospel-boksar til 8 kroner per stykk.
  • I boksane vil han montere ei inndeling til 3 kroner per stykk.
  • Direkte løn for å montere inndelinga i boksane er 6 kroner per stykk.
  • Håvard reknar med eit tillegg på 40 prosent for indirekte kostnader. Han vil ha 40 prosent forteneste. Meirverdiavgifta er 25 prosent.
  • Han ser for seg at han kan selje 3 000 boksar det første året.

Oppgåve 1

  1. Set opp ein sjølvkostkalkyle for éin videospel-boks, og finn salsprisen for ein videospel-boks med meirverdiavgift.
  2. Rekn ut dekningsbidraget for ein videospel-boks i kroner og prosent. Bruk salsprisen du kom fram til i oppgåve 1 a.
  3. Rekn ut det totale dekningsbidraget.

Oppgåve 2

Dekningspunktet er kor mange produkt ei bedrift må selje for å få dekt alle dei faste kostnadene sine. For å finne dekningspunktet tek du summen av dei faste kostnadene og deler han på dekningsbidraget per produkt.

For det første driftsåret har Håvard budsjettert med desse faste kostnadene:

faste kostnader

Faste kostnader, type

Faste kostnader, kroner

Husleige/straum

15 000 kr

Løn

100 000 kr

Administrasjonskostnader

30 000 kr

Marknadsføringskostnader

30 000 kr

Avskriving

10 000 kr

Rentekostnader

2 000 kr

  1. Rekn ut dekningspunktet, det vil seie kor mange videospel-boksar Håvard må selje for å få dekt dei faste kostnadene.
  2. Vil du rå Håvard til å produsere og selje videospel-boksar? Grunngi svaret.
  3. Kor mykje må produktet koste for at han skal få dekt alle dei faste kostnadene dersom han sel 3 000 boksar?
Fasit oppgåve 1 a

Salsprisen med meirverdiavgift for ein videospel-boks er 41,65 kroner.

Fasit oppgåve 1 b

Dekningsbidraget er 16,32 kroner, eller 49 prosent.

Fasit oppgåve 1 c

Det totale dekningsbidraget er 48 960 kroner.

Fasit oppgåve 2 a

Dekningspunktet er 11 459 einingar.

Løysingsforslag oppgåve 2 b

Med ein salspris på 41,65 kroner må Håvard selje nesten fire gonger så mange videospel-boksar som han trudde, for å kunne dekkje dei faste kostnadene. Alternativt må han vere trygg på at han kan framleis kan selje 3 000 boksar sjølv om han aukar prisen kraftig. Det ser vanskeleg ut.

Fasit oppgåve 2 c

Salsprisen må vere minst 99,17 kroner for at Håvard skal få dekt dei faste kostnadene.

Her kan du sjå utrekningane i eit rekneark:

Filer

CC BY-SASkrive av Hindrik Sants og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod