Hopp til innhald

Fagstoff

Sjølvkostkalkyle i ei handelsbedrift

Har du nokon gong lurt på korleis butikkar bestemmer prisen på varene sine? Her skal vi sjå på nokre av faktorane som er med på å avgjere prisen.
Utstilling av joggesko i ein butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kostnader i en handelsbedrift

Butikkar er handelsbedrifter, som kjøper inn varer som dei sel vidare. Kostnadene til butikken kan delast i to: kostnader knytte til innkjøp av varer (direkte kostnader) og kostnader ved å drive sjølve butikken (indirekte kostnader).

Kostnader knytte til produktet

Direkte kostnader er kostnader som er knytte direkte til kvart enkelt produkt bedrifta sel. Døme på direkte kostnader er

  • innkjøpsprisen for sjølve produktet
  • fraktkostnader
  • transportforsikring
  • toll

Kostnader knytte til bedrifta

Indirekte kostnader er kostnader i bedrifta som ikkje kan knytast direkte til eit bestemt produkt. Døme på indirekte kostnader er

  • husleige
  • renter på lån
  • lønskostnader
  • årsavgift på bilar
  • sosiale kostnader som pensjonsforsikring og sosiale arrangement

Sjølvkostkalkyle

For bedrifter som skal selje produkt, er det avgjerande å tene pengar. Prisar vi produkta våre på ein måte som ikkje dekkjer kostnadene våre, vil vi fort bli nøydde til å leggje ned bedrifta. I verste fall går vi konkurs. For å berekne ein pris som dekkjer alle kostnadene, kan vi bruke ein sjølvkostkalkyle.

Sjølvkostkalkyle

Innkjøpspris

+ andre direkte kostnader

= inntakskost

+ indirekte kostnader

= sjølvkost

+ forteneste

= salspris utan meirverdiavgift

+ meirverdiavgift

= salspris med meirverdiavgift

Fagomgrep
Direkte kostnader
er kostnader som er direkte knytte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
Handelsbedrift
er ei bedrift som kjøper inn varer for så å selje dei vidare.
Indirekte kostnader
er generelle kostnader hos bedrifta som ikkje kan knytast direkte til produksjonen eller salet av eit bestemt produkt.
Inntakskost
er det det kostar å ta inn eit produkt til butikken.
Meirverdiavgift
er ei avgift til staten på sal av produkt.
Produktkalkyle
er eit oppsett av ulike kostnader og forteneste som har til føremål å berekne salsprisen for eit produkt.
Sjølvkostkalkyle
er ein produktkalkyle som tek med alle kostnadene, både direkte og indirekte, forteneste og meirverdiavgift. Han bereknar òg sjølvkost, som er den prisen som akkurat dekkjer kostnadene ved produktet.
CC BY-SASkrive av Steinar Madsen, Kyrre Romuld og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2021

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod