Hopp til innhald

Fagstoff

Avansekalkyle

Avanse blir brukt i nokre kalkylar for å berekne salsprisen på eit produkt. Men kva er eigentleg avanse, og korleis bruker du avanse til å rekne ut kva pris du bør ta for eit produkt?
 Tannkrem og tannbørstar i ei butikkhylle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er avanse?

Avanse er noko ei bedrift kan leggje til for eit produkt for å berekne salsprisen. Avansen skal bidra til å dekkje dei indirekte kostnadene og forteneste, og blir rekna i prosent av inntakskosten.

Kva er forholdet mellom avanse og bruttoforteneste?

Avanse og bruttoforteneste er det same i kroner, men dei er ulike i prosent. Medan vi reknar avansen i prosent av inntakskosten, reknar vi bruttofortenesta i prosent av salsinntektene utan meirverdiavgift.

Prøv sjølv!

Forklar kvifor bruttoforteneste og avanse er det same i kroner.

Forklaring

Sidan differansen mellom salsinntekter utan meirverdiavgift og inntakskost er det same som summen av indirekte kostnader og forteneste i sjølvkostkalkylen, blir bruttofortenesta lik avansen.

Døme

Kor stor avanse som blir brukt, varierer mykje frå bransje til bransje, og er mellom anna avhengig av kor stor del av kostnadene til bedrifta som er indirekte kostnader.

Vi bruker tannkrem som eit døme. La oss gå ut frå at inntakskosten for ein tube tannkrem er 15 kroner. Daglegvarebutikkar har relativt sett forholdsvis låge indirekte kostnader og bruker derfor ein låg avansesats. Vi går ut frå at dei legg til 20 prosent avanse.

priskalkyle for tannkrem

Kalkulasjon

Prosent

Kroner

inntakskost

15 kr

+ avanse

20 %  av 15 kr

3 kr

= salspris utan meirverdiavgift

18 kr

+ meirverdiavgift

25 % 

4,50 kr

= pris med meirverdiavgift

22,50 kr

I dømet er avansen 3 kroner, eller 20 prosent av inntakskosten. Dermed er bruttofortenesta òg 3 kroner. Men kor mange prosent er ho?

Tips

Kva tal skal bruttoforteneste-prosenten reknast av?

Løysing

Vi må finne ut kor mange prosent bruttofortenesta er av salsprisen utan meirverdiavgift.

3 kr18 kr·100% =16,7% 

Fagomgrep
Avanse
er eit tillegg som skal bidra til å dekkje dei indirekte kostnadene og forteneste, og blir rekna i prosent av inntakskosten.
Bruttoforteneste
er differansen mellom salsinntekter utan meirverdiavgift og inntakskost, og blir rekna i prosent av salsinntektene.
Inntakskost
er det du betaler for å ta ei vare inn i bedrifta.
CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod