Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rekn med sjølvkostkalkyle

Her kan du øve deg på sjølvkostkalkylen.
Jente og gut framfor PC-skjerm. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver – sjølvkostkalkyle

Set opp eit rekneark som du kan bruke for å finne

  • indirekte kostnader i kroner
  • sjølvkost i kroner
  • forteneste i kroner
  • salspris utan meirverdiavgift
  • meirverdiavgift i kroner
  • salspris med meirverdiavgift

Bruk reknearket til å løyse oppgåvene nedanfor. Du kan også laste ned eit slik rekneark lengst ned på denne sida.

  1. Finn salsprisen med meirverdiavgift på ein moped som har 13 600 kroner i inntakskost. Dei indirekte kostnadene er 30 prosent, og fortenesta skal vere 38 prosent.
  2. Finn salsprisen på ein ost som har 13,60 kroner i inntakskost. Dei indirekte kostnadene er 60 prosent, og fortenesta skal vere 30 prosent.
  3. Finn salsprisen på ei togreise som kostar VY 240 kroner å produsere. Dei indirekte kostnadene er 40 prosent. Rekn med 15 prosent forteneste.
  4. Rekn ut inntakskost på ein sofa som har ein salspris på 30 498 kroner når fortenesta er på 38 prosent og dei indirekte kostnadene er 30 prosent.

Tips: Sjekk at du bruker riktig sats for meirverdiavgift. Sjå satsar for meirverdiavgift på Skatteetaten.no.

Fasit oppgåve a

Salsprisen med meirverdiavgift for mopeden er 30 498 kroner.

Fasit oppgåve b

Salsprisen med meirverdiavgift for osten er 32,53 kroner.

Fasit oppgåve c

Salsprisen med meirverdiavgift for togreisa er 432,77 kroner.

Tips til oppgåve d

Når vi skal rekne oss tilbake til inntakskost, kan det vere greitt å bruke vekstfaktor.

Fasit oppgåve d

Inntakskost for sofaen er 13 600 kroner.

Filer

CC BY-NC-SASkrive av Arvid Fjørtoft Feldhusen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 03.08.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod