Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Virale bilete og mediepåverknad: skuggen til Kamala Harris

Nokre bilete går viralt og påverkar mange menneske. Etter at Kamala Harris blei vald til visepresident i USA, fekk ein digital illustrasjon mykje merksemd på sosiale medium. Biletet blei raskt spreidd og sette rasisme og borgarrettskamp på dagsordenen.

Den digitale illustrasjonen er laga av Bria Goeller og viser eit bilete av visepresidenten og skuggen av ei lita jente.

1) Set deg inn i historia bak biletet

Sjå videoen over, som blei publisert på nrk.no.

2) Medieinnhald som påverkar

Bria Goeller trefte ein nerve med kunstverket sitt. Motivet av jenta er henta frå eit måleri som illustrerer Ruby Bridges, eit ikon for borgarrettskampen i USA. Illustrasjonen var ein del av ein montasje med fleire bilete, der også borgarrettsforkjemparen Rosa Parks var avbilda. Kunstverket blei raskt spreidd til heile verda via sosiale medium.

Svar på desse spørsmåla:

  • Kvifor trur du denne illustrasjonen fekk så mykje merksemd?
  • Kva historie løftar dette biletet fram att?
  • Kvifor er det viktig å fortelje denne historia?
  • Korleis blir du påverka av dette kunstverket?
  • Kva konsekvensar kan dette virale biletet få på sikt, trur du?
  • Må ein kjenne til historia bak biletet for å kunne kople det til rasisme og borgarrettskamp?


Kamala Harris er fotografert framfor det amerikanske flagget og delstatsflagget til California. Foto.

– Eg er den første kvinna som er vald til dette embetet, men eg vil ikkje bli den siste. Fordi kvar ei lita jente som ser på i kveld, ser at dette er eit land av moglegheiter.

Kamala Harris, visepresident, USA






3) Viral spreiing og mediepåverknad

Dei som lykkast med å få mange mottakarar til å dele innhald, oppnår viral spreiing av innhaldet sitt. Medieinnhaldet blir spreidd raskt, og bodskapen kan påverke mange. Den digitale illustrasjonen av Kamala Harris og skuggen blei posta rett etter at valresultatet i USA var klart.

Kamala Harris blei historisk, som den første kvinnelege og farga visepresidenten i USA. Ho opplevde ei enorm mediemerksemd då ho blei vald til visepresident. Dette kan ha påverka spreiinga av den digitale illustrasjonen til Bria Goeller.


Tenk over

Kva samanhengar kan det vere mellom virale innlegg og mediepåverknad?

4) Måleriet Problemet vi alle lever med

Kunstverk som viser ei jente på veg til skulen, strengt vakta av politimenn. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette biletet har fått tittelen Problemet vi alle lever med. Det blei måla i 1964 av Norman Rockwell. Det viser Ruby Bridges på veg til sin første skuledag, strengt vakta av politimenn. Det er dette måleriet som dannar utgangspunkt for det virale biletet av Kamala Harris og skuggen.

Diskuter spørsmåla i små grupper:

  • Korleis vil de beskrive dette kunstverket?
  • Kva speler avsendaren på? Vil Norman Rockwell påverke oss i ei bestemd retning eller gi oss ei bestemd oppleving med dette kunstverket?
  • Kva påverkar dykk mest? Måleriet til Norman Rockwell eller den digitale illustrasjonen til Bria Goeller? Grunngi svaret.
  • Kva er likskapane og forskjellane mellom desse kunstverka?

5) Studer Instagram-innlegget til Ruby Bridges

– Eg er ærefull over å vere ein del av denne vegen og takksam for å stå saman med deg, saman med medamerikanarane våre, når vi går inn i dette neste kapittelet i amerikansk historie.

Ruby Bridges på Instagram

Svar på desse spørsmåla:

Nærbilete av Ruby Bridges. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Kva er bodskapen til Ruby Bridges i dette Instagram-innlegget?
  • Kva verkemiddel bruker ho for å få fram bodskapen sin?
  • Kven er målgruppa til Ruby Bridges?
  • Kva påverknadskraft har dette innlegget, trur du?

6) Skriftleg drøfting

Kunstverket av Kamala Harris og skuggen av ei lita jente blei spreidd til heile verda. Ta for deg det det virale biletet, og skriv ein tekst der du drøftar kva påverknadskraft dette kunstverket kan ha på enkeltindivid og samfunn. Vis til medieteori og bruk fagomgrep som opinionsleiarar, tostegshypotesen, mektige medium og dagsordenfunksjon.

Relatert innhald

Vi blir alle påverka av media rundt oss. Det finst ulike teoriar om korleis vi blir påverka og kor mykje dette styrer haldningane og handlingane våre.


Person skriver på laptop. Nærbilde av hender og tastatur. Foto.

Oppbygning:

  1. Innleiing: Gi ein kort presentasjon av temaet du skal drøfte.
  2. Hovuddel: Presenter relevante sider ved spørsmålet, og diskuter dei. Legg vekt på å bruke teori og fagomgrep på ein presis måte.
  3. Konklusjon: Oppsummer kort kva du har kome fram til i drøftinga.
  4. Kjelder: Presenter ei liste med kjelder til slutt.

Kjelder

Madshus, K., (2020, 09.11.) «Den virkelige historien bak bildet alle deler nå», Vi.no, henta 13.11.2020, frå https://www.vi.no/familie/den-virkelige-historien-bak-bildet-alle-deler-na/73045360

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2020

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad