Hopp til innhald

Fagstoff

Mediebruk og påverknad

Vi bruker stadig meir tid på medium, og medievanane våre er i endring heile tida. Korleis påverkar dette oss? Forsking viser at vi reagerer ulikt på mediepåverknad.
Mann ryggjar bakover når lys størymer ut frå nettbrettet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over:

  • Kor mykje tid bruker du på ulike medium kvar dag?
  • Kva medium bruker du mest tid på?
  • Korleis påverkar dette deg?

Mediebruk

Media fyller ein stor del av kvardagen vår. Medievanane våre er i stadig endring, og tilgangen til teknologi formar mediekvardagen vår. Digitale medium speler i dag ei sentral rolle, på både individ- og samfunnsnivå. Vi bruker medium på ulike måtar.

Så å seie alle unge i Noreg har i dag tilgang til internett og smarttelefon. Mobiltelefonen speler ei sentral rolle i dagens mediebruk, han er ein viktig del av liva våre og blir brukt på fleire måtar. Via telefonen kan vi logge oss på sosiale medium, og vi bruker han som nyheitslesar, spelplattform, kamera og musikkspelar.

Mediepåverknad frå sosiale medium

Ungdom bruker spesielt mykje tid på sosiale medium. Barn og medium-undersøkinga 2020, gjennomført av Medietilsynet, viser at 90 prosent av alle 9–18-åringar er på eitt eller fleire sosiale medium. Nesten halvparten av alle ungdommar bruker sosiale medium to eller tre timar kvar dag, mens litt under ein tredel bruker sosiale medium endå meir (Ungdata, 2019).


Tenk over

Korleis påverkar denne mediebruken unge menneske som deg?

Konsekvensar av SoMe-bruk

Forsking på norske ungdommar har vist at det er ein samanheng mellom bruk av sosiale medium og til dømes opplevinga av press og stress. Jo meir tid du bruker på sosiale medium, jo meir sannsynleg er det at du opplever press og stress (Ungdata, 2019).

Ei ung kvinne ser fortvilt på mobiltelefonen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein måte sosiale medium kan skape stress på, er gjennom digital mobbing. Mange ungdommar opplever hetsing og krenkingar på sosiale medium. Det kan vere uønskte bilete, uønskt kontakt eller nedsetjande kommentarar.

Netthets er eit døme på digitale ytringar som kan få alvorlege konsekvensar for enkeltpersonar, grupper og heile samfunnet.

På den andre sida kan vi òg bruke SoMe til å utvikle eigne interesser og evner.

Utilsikta påverknad frå media

Mediepåverknad som skjer utan at nokon bevisst har planlagt han, er den påverknaden det er mest av. Forskarane som er opptekne av denne typen påverknad, jobbar med kultivasjonsteori.

Eit stort koppel av journalistar med foto- og videokamera knipsar i veg. Foto.

Einsidig nyheitsdekning av ei sak kan sjåast på som utilsikta mediepåverknad. Pressa set dagsordenen og styrer kva vi får vite noko om, og kva vi ikkje får vite. Vinklinga på stoffet har òg mykje å seie for korleis vi tek imot bodskapen. Når mange journalistar samtidig lagar nyheitssaker ut frå same forståing av verkelegheita, kan det skape utilsikta påverknad frå media.

Dersom media til dømes stort sett omtaler minoritetar i samband med kriminalitet, er det med på å forme og underbyggje negative haldningar til desse minoritetane i befolkninga.

Media påverkar ikkje åleine

Det er vanskeleg å påvise mediepåverknad, og forskarar er ueinige om kva betydning media eigentleg har. Ein av grunnane er at media opptrer i samspel med andre forhold i samfunnet som påverkar oss.

Venner, familie, skule og andre sosiale nettverk har innverknad på korleis vi oppfattar ting og korleis vi oppfører oss. I tillegg er mediekompetanse, livssituasjon og modenskap faktorar som styrer i kor stor grad vi lar oss påverke.

Alle menneske «siler» det dei ser og høyrer, i lys av dei erfaringane dei har frå før. Dessutan vel vi gjerne mediebodskapar som passar med det vi sjølve allereie meiner. På denne måten bruker vi media til å få stadfesta eigne haldningar og handlingar.

Kjelder

Medietilsynet (2020, 2. november). «Barn og medier-undersøkelsen 2020». Henta frå https://medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/barn-og-medier-undersokelser/2020/200211-barn-og-medier-2020-delrapport-1_-februar.PDF

Ungdata (2019, 23. januar). «Stress, press og psykiske plager blant unge». Henta frå http://www.ungdata.no/nyheter/stress-press-og-psykiske-plager-blant-unge

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal, Karl Henrik Aanesen, Eva Sophie Wolff-Hansen og Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 02.11.2020

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad