Hopp til innhald

Fagstoff

Identitet og sjølvframstilling i media

I samfunn der individet står i sentrum, kan vi i nokon grad iscenesetje vår eigen identitet, blant anna gjennom sjølvframstilling i media.
Ein person strekkjer armane opp mot ein himmel der sola bryt gjennom skyene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dette er meg!

Førestillinga om kven vi er og korleis vi ser på oss sjølve, har forandra seg gjennom historia. Idéhistorikarar seier at ideen om at kvart menneske er eit unikt individ, oppstod på 1400-talet, i perioden vi kallar . Før renessansen såg ein på seg sjølv som medlem av ein klasse: Bonden Knut var først og fremst bonde og deretter Knut. I dagens Noreg formar vi i større grad identiteten vår gjennom vala vi sjølve tek, og med bakgrunn i korleis vi ønskjer å vere.

Nokre forskarar argumenterer for at identitet ikkje berre er noko vi har, men også noko vi speler. Vi speler og framfører rolla som oss sjølv. På den måten sender vi ut signal til andre om kven vi er. I sjølvframstillinga vår legg vi vekt på å vise oss fram som unike individ. Samtidig har vi behov for å vise at vi høyrer til ei gruppe og har noko felles med andre. Summen av signala vi sender ut, bidreg til at menneska rundt oss oppfattar oss på ein bestemd måte.

Sørafrikansk fotballsupporter med ansiktsmaling, held ein fotball og jublar med armen i været. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

«Å skrive seg sjølv»

Ein måte å utvikle individuell identitet på er å iscenesetje den vi ønskjer å framstå som, gjennom sjølvframstilling i media.

Den franske filosofen Michel Foucault introduserte omgrepet l’écriture dei soi, «å skrive seg sjølv» eller «self writing». Han viser til korleis menneske opp gjennom historia har hatt ulike måtar å skrive på for å finne seg sjølve. I antikken skreiv ein lange filosofiske brev til nære venner eller familiemedlemmer. Dagboka er òg noko folk i lange tider har brukt til å reflektere over kven dei er.

Anne Franks dagbok

Ein av dei mest kjende dagbøkene i verda er Anne Franks dagbok. I den delte den jødiske jenta Anne Frank sine inste tankar med «dagbokvenninna» Kitty, frå ho var 13 til ho blei 15 år. Då blei ho arrestert og send til konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen, der ho seinare døydde i tysk fangenskap.

Iscenesetjing i sosiale medium

Mange ser no på bloggar og profilar i sosiale medium som ein moderne variant av ein slik tradisjon. Vi har alltid lurt på kven vi er, og no har vi òg fått høve til å bruke sosiale medium som eit verktøy til å definere oss som menneske.

Bevisst iscenesetjing og imagebygging

Artistar, kjendisar, politikarar og finansfolk har rådgivarar som hjelper dei med å byggje ein medieidentitet som gir dei fleire tilhengjarar eller meir innverknad. Bestemde eigenskapar blir løfta fram, mens andre blir tona ned. Slik visuell og tekstleg sjølvframstilling blir gjerne kalla imagebygging.

Iscensetjinga kan skje i eigenregi, som når den tidlegare amerikanske presidenten Donald Trump omtaler seg sjølv i fleire tusen Twitter-meldingar som den mest intelligente, ærlege og handlekraftige presidenten i USAs historie.

Men ofte skjer imagebygginga i regi av andre, som gir eit bilete av personen «slik eg kjenner hen», eller i planlagde mediedekte hendingar, som gjer at personen blir assosiert med positive eigenskapar som det å vere ungdommeleg, annleis, morosam, ansvarleg eller omsorgsfull.

Kvinne i gul refleksvest plukkar boss i strandsona. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sjå òg nrk.no: Imagebygging i hundrevis av år

Motstridande signal

Den identiteten vi sjølve ønskjer å kommunisere, og den identiteten andre tilskriv oss, er ikkje alltid den same. Dersom du bryt med tradisjonelle måtar å framstille eller te seg på, kan det vere forvirrande for andre å oppfatte kven du eigentleg er.

Diskuter med ein medelev

Fakultetsdirektør Karoline Holmboe Høibo gjekk hausten 2020 til frontalangrep på bokomslaget til Arbeidarparti-politikar Hadia Tajiks biografi Frihet. Ho blei kraftig imøtegått av mange andre, som oppfatta omslagsbiletet på ein heilt annan måte.

Les Dagblad-artikkelen frå 25. oktober 2020: «Reagerer på Tajik-oppslag».

Korleis oppfattar de signala bokomslaget sender ut om identiteten til Tajik? Forsøk å grunngi dette for kvarandre.

Tatovert mann som heklar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eineståande og spesiell?

Vi opplever ofte oss sjølve som unike og spesielle. Det finst jo berre éin som er meg! Men sanninga er at vi ofte liknar dei vi omgåst, meir enn vi er klare over. NRK-videoen «Har du også et helt eget særpreg?» er ein parodi på tre velståande kvinner som har eit veldig bevisst forhold til kor unike dei er i forhold til andre.

Noko å tenkje over?

Viktige omgrep

CC BY-SASkrive av Marte Lindstad Næss, Ragna Marie Tørdal og Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020

Læringsressursar

Mediebruk og mediepåverknad