Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arbeidsavtale

Tenk deg at du skal ha sommarjobb. Veit du kva krav som gjeld for ein arbeidsavtale?
Smilande ung mann i grøne arbeidsklede og kaps står ved pumpa på ein bensinstasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På nettsidene til Arbeidstilsynet finn du nyttig informasjon for ungdom som skal ut i arbeidslivet. Her kan du søkje deg fram til informasjon som gjeld for situasjonen din.

Finn ut kva reglar som gjeld ved mellombels tilsetjing, og svar på desse spørsmåla:

  1. Kva er ein arbeidsavtale?
  2. Kva skal arbeidsavtalen innehalde?
  3. Kva former for diskriminering er forbodne ved tilsetjing?

Gi døme, og inkluder gjerne eigne opplevingar. Vis til lovverket når du svarer på oppgåva, og presenter det du finn.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 20.10.2020

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit