Hopp til innhald

Fagstoff

Dokumentasjon av internkontroll

I alle verksemder er det mykje som skal dokumenterast. Bedrifter skal utføre eigenkontroll av arbeidet innanfor helse, miljø og sikkerheit (HMS). Dette kallar vi internkontroll. Tiltak innanfor internkontrollen har ulike krav til dokumentasjon.
Ei kvinne står framfor ei bokhylle med mange permar og løftar ut ein av permane. Foto.

Krav til dokumentasjon

Det er ulike krav til korleis internkontrollen skal dokumenterast, ut frå kva art verksemda har, kva aktivitetar ho driv, korleis risikoforholda er, og kor stor ho er. På nokre område er det krav om skriftleg dokumentasjon.

Dokumentasjon som følgjer av krav i eller i medhald av HMS-lovgivinga, til dømes instruksar, løyve, kompetansebevis, sertifikat o.l., skal inngå.

Du kan sjå kva krav som gjeld, i skjemaet nedanfor.

Dokumentasjon av internkonkroll

Det skal dokumenterast at

Krav til dokumentasjon

1) lover og forskrifter innanfor HMS, som gjeld verksemder, er tilgjengelege for alle, og at bedrifta har oversikt over dei krava som er særleg viktige for verksemda

ingen spesielle

2) arbeidstakarane har tilstrekkeleg med oppdaterte kunnskapar om og ferdigheiter i det systematiske HMS-arbeidet på arbeidsplassen

ingen spesielle

3) arbeidstakarane medverkar, slik at den samla kunnskapen og erfaringa i verksemda blir utnytta

ingen spesielle

4) det er fastsett mål for helse, miljø og tryggleik

skriftleg

5) bedrifta har oversikt over organiseringa av verksemda og korleis ansvar, oppgåver og mynde i arbeidet med HMS er fordelt

skriftleg

6) farar og problem er kartlagde, og at ein på bakgrunn av kartlegginga vurderer risiko og utarbeider tilhøyrande planar og tiltak for å redusere risikoforholda

skriftleg

7) det er sett i verk rutinar for å avdekkje, rette opp og førebyggje brot på reglar innanfor HMS-lovgivinga

skriftleg

8) det blir gjennomført ei systematisk overvaking og gjennomgang av internkontrollen for å sikre at han fungerer

skriftleg

9) krav til dokumentasjon i HMS-lovgivinga er følgde – til dømes instruksar, løyve, kompetansebevis og sertifikat

skriftleg

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Anki Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 06.10.2020

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit