Hopp til innhald

Fagstoff

HMS på kontoret

Kontoret – ein trygg arbeidsplass? Kontorarbeid blir prega av stillesitjande arbeid framfor PC-en, med einsidige belastingar på musklar og skjelett. Det kan føre til ulike plager.
Kvinne ved kontorpult strekkjer seg med ryggsmerter. Foto.

Utfordringar på kontoret

Kontoret blir oppfatta som ein trygg stad å vere når vi tenkjer på helse, miljø og sikkerheit. Men vi menneske er ikkje skapte for å sitje stille og utføre einsidig og statisk muskelarbeid. Kontorarbeid er prega av nettopp det, med skriving og lesing på skjerm, møter og anna stillesitjande arbeid.

I tillegg til den einsidig belastninga er tørr luft, for mykje støv, for høg temperatur, og dessutan elektriske felt og støv rundt dataskjermen blant dei vanlegaste årsakene til at arbeidstakarar får plager eller blir sjuke.

Undersøkingar viser at arbeid på kontor har utfordringar med mellom anna

  • inneklima
  • arbeid ved datamaskina
  • fysisk arbeidsmiljø

Inneklima er viktig for helsa

Dårleg inneklima på arbeidsplassen kan føre til lågare produktivitet. Tørr og dårleg luft, støv og for høg temperatur kan gi plager som trøyttleik, hovudverk, nase- og augeirritasjonar og tørr hud. Kontor i store byar har størst risiko. Eit godt inneklima kan redusere helseplager og sjukefråvære.

Rienhaldstralle på kontor. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fysisk arbeidsmiljø

Arbeidsmiljølova krev at bygningar og utstyr, lysforhold, støy, stråling og liknande skal vere fullt ut forsvarleg ut frå omsynet til helse, miljø, sikkerheit og velferd for arbeidstakarane.

Ergonomi

Den fysiske utforminga av arbeidsplassen er viktig for å førebyggje belastingsskadar. Arbeidsplassen skal tilpassast slik at kvar enkelt arbeidstakar får naturlege og formålstenlege arbeidsstillingar og -rørsler. Arbeidsstol, bord og anna utstyr skal kunne regulerast, slik at det kan tilpassast den enkelte. Dette kallar vi ergonomi.

Langvarig arbeid ved dataskjermen kan gi helseplager i nakke, skuldrer, øvre rygg, hovud (mellom anna rundt auga), i over- og underarm, olboge, handledd og huda. Tiltak for å førebyggje slike plager kan vere:

  • hev/senk-pult
  • tilpassa stol
  • eksterne dataskjermar
  • databriller
  • ergonomisk mus
Aktuelle lenkjer

Lenkjer frå Arbeidstilsynet

Arbeidsmiljølova § 4-4 (Lovdata)

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland og Anki Olsen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 06.10.2020

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit