Hopp til innhald

Fagstoff

HMS-arbeid i små bedrifter

HMS-arbeid må tilpassast til kvar enkelt verksemd. Små bedrifter har derfor ikkje like omfattande HMS-arbeid som større verksemder.
Smilande kvinne i forkle står bak eit bord fylt med bakevarer. Foto.

Det er to forhold som påverkar omfanget av HMS-arbeidet:

  • kor høg risiko det er for brann, ulykker, ran og andre farar
  • kor mange tilsette bedrifta har

Tre rollar

Arbeidsgivarar, arbeidstakarar og HMS-rådgivarar har kvar si rolle i HMS-arbeidet. Dei skal sørgje for at HMS-arbeidet blir gjort rett ut frå deira perspektiv.

Korleis kan ein leggje opp arbeidet?

I små bedrifter med liten risiko for brann, forureining og arbeidsulykker treng ikkje HMS-rutinane å vere omfattande. Men sjølv om verksemda er lite utsett for HMS-problem, blir resultata best med systematisk innsats.

Det er viktig å vere oppteken av å gjere det rett første gong. Det lønner seg ikkje å ta sjansar. Det er betre og billegare å førebyggje enn å reparere.

Arbeidstilsynet har rettleiingar som viser korleis arbeidet kan leggjast opp for små bedrifter som er lite utsette for HMS-problem.

Arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar tilbyr òg opplæring, handbøker og praktiske hjelpemiddel i HMS-arbeidet. Opplæring er ein del av mellom organisasjonane i arbeidslivet.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.10.2020

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit