Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er helse, miljø og sikkerheit (HMS)?

Arbeidsmiljøet verkar inn på den fysiske og psykiske helsa til arbeidstakarane og velferda deira. Arbeidsmiljølova krev at arbeidsmiljøet skal vere fullt ut forsvarleg. Arbeidet med HMS i verksemda skal vere systematisk og omfatte alle faktorar som påverkar arbeidsmiljøet.
Ei kvinne på høge hælar balanserer med éin fot på ein krakk og leitar i ei arkivhylle.

Fysisk og psykisk arbeidsmiljø

Læringsmiljøet er summen av alle faktorar som kan tenkjast å verke inn på kva høve elevane har til å tileigne seg kunnskap, og dessutan fysisk og psykisk helse. Elevundersøkingar og anna forsking tyder på at læraren har avgjerande innverknad på læringsmiljøet.

Dette kan overførast til arbeidsmiljøet. Læraren blir her erstatta av ein leiar.

Arbeidsmiljølova § 4-1 krev at arbeidsmiljøet skal vere fullt ut forsvarleg ut frå ei enkeltvis og samla vurdering av faktorar som kan verke inn på den fysiske og psykiske helsa til arbeidstakarane og velferda deira. Standarden for sikkerheit, helse og arbeidsmiljø skal til heile tida utviklast og forbetrast i samsvar med utviklinga i samfunnet.

Arbeidsmiljølova inneheld krav om psykososialt og fysisk arbeidsmiljø.

Psykososiale arbeidsmiljøfaktorar

Arbeidsmiljølova §4-3 krev at

  • arbeidet skal leggjast til rette slik at integriteten og verdigheita til arbeidstakaren blir teken vare på
  • arbeidet skal utformast slik at det gir høve til kontakt og kommunikasjon med andre arbeidstakarar i verksemda
  • arbeidstakarar ikkje skal bli utsette for trakassering eller anna utilbørleg framferd
  • arbeidstakarar, så langt det er mogleg, skal vernast mot vald, truslar og uheldige belastningar som følgjer av kontakt med andre

Psykososiale forhold omfattar mellom anna tilrettelegging og leiing, informasjon, opplæring, kommunikasjon og kontakt med andre, variasjon i arbeidet, innverknad, utviklingsmoglegheiter, tidspress, stress og arbeidstidsordningar.

Ein gjeng kollegaer er samla rundt ei kaffimaskin.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fysiske arbeidsmiljøfaktorar

Arbeidsmiljølova § 4-4 krev at bygnings- og utstyrsmessige forhold, inneklima, lysforhold, støy, stråling og liknande skal vere fullt ut forsvarleg ut frå omsynet til helse, miljø, sikkerheit og velferd for arbeidstakarane.

Fysiske forhold omfattar utforming av lokale, tilpassing av arbeidsbord, tunge løft, einsformig gjentakingsarbeid, luftforureining, etsande væsker, lys, arbeidsreiskapar, glatte golv, støy og så vidare.

Innkvartering som arbeidsgivaren stiller til rådvelde for ein arbeidstakar, skal vere forsvarleg utført, innreidd og halden ved like.

Systematisk HMS-arbeid

Arbeidsmiljøet i verksemda skal kartleggjast og risikovurderast. Deretter skal ein etablere rutinar som reduserer eller fjernar risikoen. Det er kjernen i det vi kallar systematisk HMS-arbeid.

Systematisk HMS-arbeid inneber at arbeidsgivaren skal

  • fastsetje mål for helse, miljø og sikkerheit
  • kartleggje farar og problem
  • sørgje for systematisk arbeid med førebygging og oppfølging av sjukefråvær

Verksemda må kunne dokumentere skriftleg at dette arbeidet blir gjort jamleg.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland, Gunnar Ottesen og Vegard Floor Søvik. Rettshavarar: NKI Forlaget, NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.07.2018

Læringsressursar

Helse, miljø og sikkerheit