Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sal i reiselivet

Kva er viktig når vi skal selje reiselivsprodukt? Tenk på dine eigne erfaringar som kunde. Kva var du oppteken av? I denne oppgåva skal de svare på spørsmål om sal i reiselivet.

Tre personar står rundt ein digital bestillingsskjerm på ein sjølvbetent kaffibar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

De kan jobbe i små grupper med desse oppgåvene. Før de startar, kan de gjerne repetere fagomgrep ved å lese dei vedlagde artiklane som de finn nedst på denne sida.

Oppgåve 1

Godt sal = godt kjøp

  1. Drøft korleis vi kan gi god service når vi skal selje ulike reiselivsprodukt.

  2. Drøft kva som blir meint med kundeorientering og kundetilfredsheit.

Oppgåve 2

Lokal kartlegging

Transport, innkvartering, servering og attraksjonar er kjernenæringane i reiselivet.

  1. Gi døme på reiselivsaktørar innanfor dei ulike kjernenæringane frå området der de bur.
  2. Bruk til dømes nettsida proff.no, og sjå om de kan finne omsetningstal for dei ulike reiselivsaktørane. Drøft storleiken på verksemdene og kva betydning dei har for lokalsamfunnet.

  3. Undersøk korleis lokale reiselivsprodukt blir selde.

Oppgåve 3

Handgripelege produkt

  1. Gi døme på handgripelege produkt innanfor reiselivsnæringa.
  2. Drøft korleis vi kan presentere desse produkta når vi skal selje dei.

Oppgåve 4

Eigne reiselivsopplevingar

  1. Gi døme på gode reiselivsopplevingar og kundeerfaringar de sjølve har hatt.
  2. Kva var det som gjorde desse opplevingane gode?

Relatert innhald

Når vi har selt eit produkt som dekkjer behovet til kunden til ein fornuftig pris, har vi utført eit godt sal, og kunden har gjort eit godt kjøp.

Å selje reiselivsprodukt handlar om å kombinere eit handgripeleg produkt med god service.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.01.2022

Læringsressursar

Salsprosessen