Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Salssamtalen – rollespel

Øving gjer meister, og som seljar blir du aldri utlært. I denne oppgåva kan de øve de på salssamtalen i ulike situasjonar.
Inngangspartiet til eit reisebyrå på eit kjøpesenter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rollespel

Set dykk saman to og to. Ein av dykk skal spele seljar, den andre kunde. Etterpå byter de roller. Bruk nokre minutt på å førebu rollene før de set i gang rollespela.

  1. Sal av storbyferie

    Ein privatkunde kjem inn på eit reisebyrå på jakt etter ein storbyferie.

  2. Sal av konferansefasilitetar på eit hotell

    Ein bedriftskunde ringjer til salsavdelinga på eit hotell for å forhøyre seg om moglegheitene for å halde ein konferanse på hotellet.

  3. Sal av eit valfritt produkt

    Vel eit produkt de kjenner godt, og lag ein salssamtale rundt dette produktet. Det er opp til dykk å velje kven som skal vere målgruppa for produktet, og kva slags personlegdom kunden skal ha.

Tips til læraren

Førebuingar

La elevane lese gjennom den relaterte artikkelen om fasane i salsprosessen som ein del av førebuingane til rollespela.

Elevane kan gjerne øve på rollespela for deretter å framføre dei for klassa.

Evaluering

  • Først kommenterer rollespelarane si eiga oppleving av dei tre salssamtalane.
  • Deretter kommenterer dei andre elevane korleis dei opplevde rollespela.

Baser evalueringa av salssamtalane på fasane i salsprosessen.

La gjerne elevane reflektere over forskjellar og likskapar mellom salssamtalar med privatkundar og salssamtalar med bedriftskundar.

Relatert innhald

For å bli gode seljarar må vi forstå korleis salsprosessen går føre seg, og yte vårt beste i kvart steg av han. Vi må gjere ein god jobb heile tida.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 11.11.2021

Læringsressursar

Salsprosessen