Hopp til innhald

Fagstoff

Råmasser

Ein råmasse består av mandlar, sukker/melis og eggekvite. Marsipan og kransekakemasse er døme på råmasse, men òg makronar blir laga av dei same ingrediensane.
Festpynta kransekake med kvite sløyfer og norske flagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ingrediensar i ein råmasse

Mandlar

Vi kan nytte både skålda og uskålda mandlar i ein råmasse. Det er mogleg å få kjøpt ferdig skålda og malne mandlar. Kor stor del mandlar det er i produktet, påverkar konsistens og smak.

Søtstoff

Melis er det vanlegaste søtstoffet i ein råmasse. Flytande glukose og sukker kan òg nyttast.

Eggekvite

I produksjon på eit kjøkken blir ofte eggekvitar til overs. Bruk av eggekvitar til produksjon av ein råmasse er derfor ein fin måte å bruke opp restar på. Eggekviten kan òg ha vore frose før han blir nytta i ein råmasse.

Smakstilsetjing

I tradisjonelle råmasser som marsipan og kransekake er det mandel og sukker som er det framtredande i smaksbiletet. I makronar blir det nytta smakstilsetjingar som sitron, sjokolade og kaffi.

Ferdige produkt

Dei fleste kjøkken bestiller i dag ferdiglaga kransekakemassar og marsipan. Marsipan finst i mange ulike fargar.

Makronar

Makronar er ikkje ein tradisjonell råmasse, men blir laga av dei same ingrediensane som kransekaker og marsipan. Makronar kan lagast med litt kveitemjøl i smeten, men òg glutenfri, med berre mandelmjøl.

Fem glutenfrie makronar pakka som gave i cellofan med grønt band. Makronane har forskjellige fargar: gul, rosa, blå, grøn og brun. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2020

Læringsressursar

Massar